Bok
Roman med himmel over
Mattis Øybø har skrive ein sterk og medrivande roman om historia – og om plassen historiene har i livet vårt.
Den nye romanen er Mattis Øybøs femte.
Foto: Baard Henriksen
Fem forteljingar utgjer Mattis Øybøs roman Den siste overlevende er død. Dei oppfører seg på eit vis som enkeltståande tekstar, men er knytte saman gjennom felles tematikk og personar som kryssar tekstane. Eit historisk bakteppe er andre verdskrigen og jødeutryddinga.
Eit gjennomgangstema er kva for forteljingar vi har om oss sjølve, om andre, om fortida, korleis vi heile tida har eit slags spelerom for det vi vel å fortelje. Som det heiter ein plass: «Han ble stående litt, som for å feste seg selv til scenen – en mann alene på en togperrong – assosiasjonene det ga ham, alle fortellingene kan kunne inngå i.»
Elegant fletta
Vi møter Jonathan som nett har mista faren som han ikkje kjende, men som han visste var av jødisk opphav. Henrik og Louise kjem over gøymde kjærleiksbrev frå ein tysk soldat til ei norsk kvinne. Tessa har ein løyndom som held henne saman, og når han står i fare for å nå allmenta, er ho sjølv redd for miste kontrollen over si eiga forteljing.
Tomas er dratt mellom to familiar, mellom fortid og notid og mellom å legge kreftene i å fortelje ein annan person si historie, eller få orden på si eiga. Peter registrerer at mor hans, som har begynt å bli litt rotete, i takt med gløymsla busar ut med hendingar ho til no har halde skjult.
Øybø flettar elegant inn detaljar og namn, musikkspor og andre hint som knyter tekstene saman. Bitane fell på plass for lesaren etter kvart og lager eit stort rom over denne romanen, eit rom for tenking og tolking, for gjenkjenning og forståing. Ein tenker på alt frå korleis roller dannar seg i eit ekteskap, til krigens gru. Karakterteikninga er solid og replikkføringa levande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.