Bok
Rikt og finstemt
Hos Terje Holtet Larsen finn du alt det handlar om, litt på sida av handlinga.
Terje Holtet Larsens nyaste roman er den tolvte i rekka.
Foto: Baard Henriksen
Ein ung mann har mista ei mor som han teknisk sett aldri har hatt, sidan han har vakse opp hos besteforeldra.
Når han skal tømme leilegheita hennar, set ein nabo han på sporet av ei kvinne som tidlegare har husa mor hans, dessutan hyra henne som selskapsdame for mannlege klientar.
Det er denne kvinna som er «den magre kvinnen i hagen i flukt med tennisbanene», som det heiter i romantittelen. Sjølv bur den unge mannen ein stad der han utfører ikkje heilt lovlege tenester for huseigaren og held slik husleiga nede. Han innleier òg eit forhold til ein kvinneleg kunststudent.
Entusiastisk blaing
Dette utgjer ramma for handlinga i Terje Holtet Larsens roman. Sjølve handlinga er ein heilt annan plass: mellom linjene – slik det ofte er i Larsens litteratur.
Han skildrar gjerne ein hovudperson som gjer alt han kan for ikkje å handle. Som aller helst lar seg drive med, som gjer seg usynleg, prøver å sleppe unna aktivitetar som krev engasjement. Dermed blir handlinga snarare sjølve drøftinga av i kva grad hovudpersonen får til dette («Jeg ser for meg mitt fremtidige jeg som en mann som endelig har innsett at det faktisk ikke finnes noe i livet som er så viktig at man ikke like gjerne kan unnvære det.»), og utforskinga av korleis ein gir inntrykk av å vere til stades, sjølv om ein ikkje er det («Jeg satte opp det som var ment å forestille en erfaren og forståelsesfull mine.»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.