Film

Retningslaus baby

Det skal ikkje vera lett å vera ung og bortskjemd no til dags.

Shiva Baby er ein god, gamaldags farse med ein halvgod, moderne vri.
Shiva Baby er ein god, gamaldags farse med ein halvgod, moderne vri.
Publisert

Unge Danielle (Sennott) får pengar for sex frå mykje eldre, men flotte Max (Deferrari), og om det ikkje var for gravferda som den geskjeftige mor hennar, Debbie (Draper), tvingar ho til å gå i, ville det kanskje fortsett sånn.

Akk oy vey

For at sjåaren kjapt skal få med seg kva type person Danielle er, kjem ho sjølvsagt for seint til gravferda, men dukkar opp til shiva, det som i jødedommen innleiar sørgjeperioden etter at nokon døyr, eit slags gravøl. Det er mykje oy vey, som dei seier på jiddisk – alle er oppgitte over denne heller udugelege dottera til dei elles respekterte foreldra. Kva driv ho eigentleg med? Ho dreg i gang historia om eit oppdikta hovudfag om kjønnsøkonomi og at ho tener pengar (som ho ikkje treng) på å vera barnevakt. Også til stades på shivaen er Maya, den gamle veninna/elskarinna hennar, noko mor veit godt om og prøver å glatta over som best ho kan, då alle kjenner alle her. Det passar seg sjølvsagt ikkje med lesbiske forhold. Og så dukkar jammen sjølvaste Max opp! Og det viser seg at yndlingssexkunden hennar både er gift og har ungar, så her er det duka for mange forviklingar. For mange etter min smak.

Ka farsen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement