Bok
Respekt for «morra di»
Ein finn seg sjølv med både hjartet og latteren i halsen når Arne Svingen skriv med utgangspunkt i det fjerde bodet.
Arne Svingen har med denne boka skrive ni romanar for vaksne.
Foto: Lise Åserud / NTB
Vigmostad Bjørke lanserte tidlegare i år ein serie med frittståande romanar inspirerte av Dei ti boda. Først ute var Jørgen Brekkes Andre guder, skriven over bodet «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg». Knut Nærums Sannheten tok for seg bodet «Du skal ikkje tale usant om nesten din». Arne Svingen har med romanen Min sønn valt seg bodet: «Du skal ære far din og mor di.»
Kor langt kan ein gå?
Mora Jorunn og sonen Ronny lever eit relativt isolert liv i det ein kan tenke seg er ein norsk forstad. Ronny har nokre kameratar han heng med, men ho har ikkje heilt innsyn i kven dei er, og kva dei alle driv med. Med andre ord er Ronny ein ganske normal 16-åring med behov for å halde foreldra på ein viss avstand. Jorunn er langtidssjukmeld frå resepsjonsjobben i Skatteetaten, og vi skjønar snart at ho er overvektig og plaga med knea. Ho kan ikkje bere for tungt. Ho et mykje og har høgt blodtrykk.
Litt etter litt blir bilda av desse to bygde ut. Ho er ei litt tafatt mor som ikkje heilt finn ut av korleis middagssamtalar ikkje blir kleine, eller korleis lage noko anna enn spagetti med kjøttsaus. Sonen var open og skravlete då han var liten, no er han blitt ein distansert ungdom, det plagar henne. Det kjem fram at ho sjølv ikkje har nokon enkel bakgrunn. Ronny røper at han har løyndomar, men fortel han heile sanninga? Til sist tar handlinga ei vending som gjer at eg ikkje kan gjengi meir.
Spørsmål romanen reiser, er: Kor langt kan ein gå for å beskytte sitt eige barn? Kva skal til for å gjere seg fortent til respekt som forelder? I kva grad har søner og døtrer eit ansvar for å komme foreldra i møte?
Arne Svingen, som har eit omfattande forfattarskap, i hovudsak retta mot barn og ungdom, bak seg, er ein forfattar med særlege evner til å skrelle vekk alt unødig. På aristotelisk vis set han lupa på nokre få personar og eit avgrensa miljø og tidsrom. Både personane og handlinga blir utvikla gradvis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.