Bok
Reparasjon, kort og greitt
Å kaste ting er openbert dumt. Kvifor er det då så vanskeleg å få noko reparert?
Marte Rostvåg Ulltveit-Moe er biolog og folkevald for Miljøpartiet Dei Grøne i Kristiansand.
Foto: Ingar Leer-Salvesen
Vi nordmenn er glade i å eige ting. Men er vi glade nok? Når kvar av oss står bak over to tonn boss i året, må det nesten slåast fast som eit faktum at vi ikkje tek godt nok vare på det vi eig. Kvifor tek vi ikkje betre vare på tinga våre?
Dette finn biolog, MDG-politikar og forfattar Marte Ulltveit-Moe både kjende og ukjende svar på i Kan det fikses? Hvordan Norge kan bli et reparatørsamfunn. Ulltveit-Moe går systematisk til verks: Målet, ifylgje forfattaren, er å syne korleis Noreg kan gå frå eit «sløseland» til eit «reparatørsamfunn».
Ein av hovudingrediensane i denne kaka har vi alt – om enn i litt for små mengder og på ei altfor bortgøymd hylle: Reparatørane – sydamene, bilmekanikarane, skomakarane, mobilfiksarane, kvitevarereparatørane, heismontørane, snikkarane og sykkelreparatørane – eksisterer der ute. Men anten er dei for små og underbetalte til å ha råd til å reklamere, eller så vil dei ikkje snakke høgt om at dei reparerer, fordi det sjeldan lønner seg verken for dei eller for kunden.
Kanskje kan ikkje eingong tingen din reparerast. Er det verkeleg sant at varer har dårlegare kvalitet og går fortare sund no enn tidlegare? Ja, syner Ulltveit-Moe, med døme frå alt frå ein snøfresarreparatørar som dokumenterer tynnare stål, til skosolar av smuldreplast og Hewlett-Packard som har blitt tatt i å produsere skrivarar som går sund etter ei viss mengd utskrifter. Men endå verre: Stadig fleire produkt vert laga for å ikkje kunne reparerast.
Straffbar lim
Lim er nok noko av det verste Ulltveit-Moe veit. Ikkje den limen du bruker heime når du reparerer, men den limen produsentar bruker for at du ikkje skal kunne reparere – eller byte enkle delar – på til dømes elektriske apparat. Dette gjer forfattaren såpass forbanna at ho foreslår «bøter eller fengsel inntil tre måneder for å selge varer som er limt igjen så de ikke kan repareres».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.