Teater
Råsterkt teater
Ei framsyning som når heilt ned i hjarterøtene, og med eit strålande spel i hovudrolla.
Carmen Boveda på cello, Kamilla Grønli Harvig og Kristi-Helene J. Engeberg, som spelar hovudrolla.Carmen Boveda på cello, Kamilla Grønli Harvig og Kristi-Helene J. Engeberg, som spelar hovudrolla.
Foto: Sebastian DalseideFoto: Sebastian Dalseide
Den Nationale Scene / Teaterkjelleren
Min første tanke: Det er uråd å yte denne rike, merkelege, vondvakre og poetiske romanen rettferd på teaterscena.
Så: Men det er jo forfattaren sjølv som har dramatisert boka!
Konklusjon: Noko går tapt når 300 boksider blir reduserte til 100 minutt teater. Og likevel…
Kjærlighetens Antarktis er ei eksistensielt utforskande forteljing om livet på yttergrensa, sett frå eit perspektiv som korkje er liv eller død, himmel eller helvete, men sjølve æva – utanfor tid og rom.
Hovudpersonen Kristina har komme frå æva og gått attende til æva. Slik får denne lagnaden også eit bibelsk ekko i all si ikkje-tru.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.