Film
Rare tider i Travelby
Rental Family blir for overflatisk til å røra ved anna enn hjernerøtene.
Philip (Brendan Fraser) får i oppdrag å spele far til Mia (Shannon Mahina Gorman) av ei åleinemor som treng ein far for å få dottera inn på ein prestisjefylt privatskule.
Foto: James Lisle / The Walt Disney Company Nordic
Philip (Fraser) slit med å få skodespelarjobbar i Tokyo, der han har budd i sju år etter eit reklameoppdrag. Når Rental Family, byrået til Shinji (Hira), tilbyr han gode pengar for å spela ektemann, ven, elskar eller far «på ekte», så slår han til etter ein viss skepsis.
Filmen er tematisk lik austerrikske Påfuglen frå i fjor, så uansett kontinent er kan henda menneskelege relasjonar mangelvare for tida.
Frendelaus
Eg hugsar ikkje å ha sett Brendan Fraser i filmar sidan han stilte i tjukkedrakt og henta heim ein omdiskutert Oscar-statuett for rolla i/som The Whale (2022). Fraser er ikkje ein liten mann, verken med eller utan drakt, og ein forkjærleik for denne litt tafatte typen har han – ei rolle han meistrar, vil nok fleire enn berre Oscar-akademiet meina.
Den store kroppen og dei sørgmodige auga verkar som dei er bestilte for karakteren Philip, overdimensjonert som han framstår i det vesle husværet sitt i trongbudde Tokyo. Sårbar og åleine stirar han ut på naboar og byen, elles skildra med mykje kjærleik, og etter sju år ser det ikkje ut for at Philip har noko nettverk å snakka om. Alt er observert på avstand. Hans einaste omgangsven kan synast å vera ein sympatisk sexarbeidar, som har ein jobb ikkje så langt unna hans eigen, når det kjem til stykket.
Urørt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.