Film

Rapport frå sofaen og eit par unntak

TROMSØ: Etter å ha vore i Tromsø med digital avvikling av byens filmfestival ser ein om mogleg endå tydelegare at me treng meir enn Netflix og nettbrett.

Måndag kveld vart filmen Ninjababy vist på Stortorget, med besøk av regissør Yngvild Sve Flikke og delar av staben.
Måndag kveld vart filmen Ninjababy vist på Stortorget, med besøk av regissør Yngvild Sve Flikke og delar av staben.
Publisert

Når eg seier digital avvikling, så siktar eg ikkje til formatet kinoane gjekk over til for berre eit tiår sidan. Noregs eldste kommunale kino, Verdensteatret i Tromsø, viser framleis filmar fysisk på 35 mm-rullar i ny og ne, særleg under Tiff. Men ikkje så i år, sjølvsagt.

Fysisk

Det fysiske publikumsunntaket er utevisning og verdspremiere på Ninjababy (regi: Yngvild Sve Flikke). Pallane, dekte med reinsdyrskinn og i høveleg smitteavstand, var fullsette på Stortorget. Med snille null grader fekk eg ikkje neglesprett før eit stykke uti filmen, og det var verdt turen: Eg tvilar ikkje på at eg har sett ein av årets beste norske filmar alt ein god månad før ordinær kinopremiere, og jammen kom det nordlys sigande over byen etterpå.

Utover dette er publikum, som vanlegvis tel opp mot 60.000 besøkande, forviste til skjermane sine og eit redusert filmprogram. Som filmmeldar kunne eg tilbringa tysdagen med fysiske pressevisningar i det ærverdige Verdensteatret, før det bar heim på sofaen. Ein film kan ikkje dømast ut frå kor stort lerret han vert vist på, men at det har litt å seia for heilskapen, er utvilsamt. Dermed kan det nok vera at ein del av det programmet som var meint for kinovisningar, taper seg når dei skal visa seg fram på små og store skjermar.

Vriding

Kven er dei slemme venstrevridde? Sånn kan kanskje And Tomorrow the Entire World (regi: Julia von Heinz) oppsummerast. Tyskland har alltid hatt god grobotn for dei svært alternative miljøa, av typen miljøvernarar med urtete og rastafletter så vel som flintskalla nynazistar med sinte bikkjer. Ein høyrer litt om Antifa i media, men som ei nokså udefinerbar gruppe, i motsetning til høgreradikale, som me kjenner betre til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement