Bok

Ramme alvor

Debutromanen til Halvard Hølleland er ei storslått vandring gjennom by og mann.

Halvard Hølleland er fødd og oppvaksen i Oslo, statsvitar og politisk rådgjevar for byrådsleiar Raymond Johansen.
Halvard Hølleland er fødd og oppvaksen i Oslo, statsvitar og politisk rådgjevar for byrådsleiar Raymond Johansen.
Publisert

Jan Otto Smith er lektor ved Oslo katedralskole. Han underviser i historie og samfunnsfag og tar av og til vikartimar i religion og etikk. Han bur på St. Hanshaugen og går kvar dag ned Ullevålsveien til jobb. Han har òg andre ruter og rutinar som nitid blir gjennomgått for lesaren. På kvardagar har han eitt (sett med) opplegg, i helgene eit anna. Han går ofte og gjerne innom kafear og restaurantar for ein matbit og/eller noko å drikke. Drikk han øl, startar han alltid med eit snitt, som det heiter i Oslo, som svarer til 250 milliliter.

Han handlar feinschmecker-mat på delikatesseforretningar. Han går på museum, men helst dei gamle, klassiske utstillingane, då blir han ikkje overraska. Han går i bokhandlar og på antikvariat, alltid på jakt etter bøker som kan utvide fagkunnskapen hans, og som han kan flette inn i det langt på veg sjølvtilverka undervisningspensumet. Han er stolt av jobben sin; «jeg var blant ytterst få utvalgte som var utrustet med et samfunnsmandat til å definere hvilke verdier og kunnskaper som skal prege denne generasjonen, ja, ikke bare generasjonen, men landet slik denne generasjonen kom til å kjenne landet sitt.»

Visse og tvil

Samstundes er det noko litt skrudd ved han, som skapar ein lett distanse mellom han og kollegaer, overordna og elevar. Han har ein snev av både Ingvar Ambjørnsens Elling og Dag Solstads Elias Rukla over seg, sjølv om han er ein høgst original – og ikkje fullt skrudd – romanperson. I bakgrunnen ligg ein mogleg genetisk disposisjon for ein fatal sjukdom; det er den som har tvinga Jan Otto Smith inn i alle rutinane, alle dei «faste rammene», som tittelen viser til. Legen har sagt at om han gjennom ein test finn ut at han er disponert for sjukdommen, kjem han før eller sidan til å utvikle han, og før eller sidan miste kontrollen over seg sjølv. Men han kan forseinke prosessen ved å ha innarbeidde rutinar på førehand. Så er det jo det å bestemme seg for om han vil ta testen i det heile.

Vissa om, og tvilen kring, alt dette gjer det ikkje enkelt for Jan Otto Smith å inngå nære relasjonar, spesielt ikkje til kvinner. Dei har krav på å vite at han kan bli alvorleg sjuk, og det har vist seg i alle fall éin gong å vere ein turn-off. Men som alle andre opplever jo Smith å bli forelska, å kjenne håp, å bli barnsleg energisk. Det er berre det at han ikkje kan tillate seg å leve berre i augneblinken. Det er smerteleg for både han og lesaren.

Kunnskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement