Film
Pust med sniglemagen
Gjer deg sjølv ei sjeleteneste og sjå Memoir of a Snail.
Grace samlar på sniglar i ein film som er ei forteljing om venskap, tap og trøyst – og å finne attende til seg sjølv med hjelp frå ein snigel eller to.
Foto: Arthaus
Tvillingane Grace og Bert blir sende til kvar sin fosterheim etter at dei blir foreldrelause. Mens Bert må jobba på ein eplefarm driven av ein koko-kristen familie vest i Australia, veks Grace opp i kjedelege Canberra med eit koko-nudistpar, utan sysken og utan vener, men med ei gryande interesse for sniglar. Heldigvis dukkar den gamle, eksentriske Pinky opp.
Ikkje for ungar
Av og til kjem det filmar som senkar pulsen på ein sånn måte at det kjennest ørlite new age. Noko av grunnen kan vera stop motion-teknikken med plastilin, leireanimasjon av den tradisjonsrike, rolege sorten der kvar rørsle er resultatet av mødesamt arbeid med fotografering av små endringar i figuren, utført av ekte hender.
KI kjennest som ein fjern, ubehageleg draum langt vekke ein plass. Arbeidet bak er sikkert langt frå meditativt, og det har gått seksten år sidan den siste langfilmen til Adam Elliot kom. Det har vore verdt å venta på. Mary og Max (2009) har mykje av den same stemninga, lagd til det litt absurde universet som likevel er jordnært og høgst menneskeleg. Fargane er duse, brune og beige, formene reine og glatte, og alt er enkelt og ordentleg.
Alt utanom livet og kjenslene til dei det handlar om. Så ikkje lat deg lura av den barnslege estetikken, dette er ikkje ein barnefilm. Viss ikkje du har ungar som er spesielt interesserte i eksistensielle spørsmål som einsemd, aldring og død, då.
Drivved
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.