JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Publisisten frå husmannsplassen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
HUSMANNSPLASSEN. Marius Evjeberg voks opp på Evjeberget i Lofoten. Husa på teikninga er frå 1870-åra.

Teikning av Arne Berg 1960 etter opplysningar frå Evjeberg i Ingrid Semmingsen (red.): Husmannsminner (1960)

2643
20230210
2643
20230210

Fiskeoppkjøparen Marius Evjeberg i Lofoten meinte han dreiv eit forlag med fire rekordar. Det var det nordlegaste, det yngste, det nyaste – og hadde den kortaste boklista.

Alt som 15-åring melde han seg inn i mållaget Vårvon i heimbygda. 39 år gamal skipa han Marius Evjebergs Forlag på Bøstad i Vestvågøy. Der gav han ut 86 bøker mellom 1946 og 1966. 84 av dei var på nynorsk.

Evjeberg var så mange stader. Han var omreisande talar for Noregs Ungdomslag. Han skipa Nordland fylkes målkontor i 1946 og var sekretær fram til 1960. Han redigerte bladet Midnattsol 1946–63 og Jul i Hålogaland 1947–59. I mange år sat Evjeberg i rådet for Norsk Skjemaforlag i Bergen, og han var styremedlem i Noregs Mållag 1950–54.

«Eg arbeider frå kl. 9–13 og 17–2. Kvar bidige dag har eg 4 timar gratisarbeid for målkontoret.» Inn på 1960-talet blei det likevel for mykje sjølv for han.

Han kjende uhorveleg mykje folk. Grunntonen i boklistene blei skapt av nordnorske forfattarar, men han hadde inga grense mot sør.

Skjønnlitterære bøker for vaksne dominerte. Heile 56 av titlane var skodespel for ungdomslag. Dei «går undan som snus», sa han og meinte det måtte vere lette, glade ting, ikkje greske tragediar. Siste boka var I skyming bliktar stjerner fram. Strofer frå Strilelandet av Olav Lavik i 1966. Dette var ei av dei første bøkene Norsk kulturråd kjøpte inn til norske bibliotek under dei nye innkjøpsordningane.

Forleggjaren var sjølv mellom 14 forfattarar som debuterte skjønnlitterært på forlaget. Andre debutantar som sette litterære spor seinare, var Dagmar Blix og Astrid Langjord. Lenge før Marie Lovise Widnes debuterte på Tiden i 1958, var ho med og laga bok til skottårsfestar på Marius Evjebergs Forlag. Til skilnad frå nynorskforlag flest på denne tida gav Evjeberg ut bøker av ein god del kvinner.

I over 40 år var Evjeberg Lofot-meldar for Sunnmørsposten på nynorsk. Nesten like lenge var han ein flittig bygdekorrespondent på bokmål for Nordlandsposten. Der redigerte han i fleire tiår også ei side på nynorsk om frilyndt ungdomsarbeid.

I okkupasjonsåra markerte Evjeberg vilkårslaust kvar han stod. Skjema på bokmål nekta han å fylle ut, og krav på bokmål ville han ikkje betale.

«Han vert aldri gamal same kor lenge han lever», helsa Gula Tidend på 50-årsdagen i 1955. I Midnattsol sende Evjeberg gjerne «ei dugeleg dengsle over lunkne målmenn og seigliva bokmålsfolk. Han skjer reimar av ryggen deira og strør salt i, let dei liggja slik til neste nummer kjem, og so er det same saltingi oppatt». Slik kunne berre redaktør Per Håland skrive.

Ottar Grepstad

Neste veke: Den første litterære agenten

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

MusikkMeldingar
Sigbjørn Apeland

Den nakne stemma

The Eagle of my Heart er eit dristig prosjekt som landar trygt.

USA var landet der den globale auken i fedme tok til for alvor. Nord-Amerika utgjer i dag halve marknaden for vektreduksjonsmidla til Novo Nordisk.

Foto: Mark Lennihan / AP / NTB

HelseSamfunn

Store pengar i tomme magar

Verda er villig til å betale mange milliardar for å misse matlysta.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis