Teater

Politikk + kunst i ei lite heldig eining

Viljen er god, men det er ikkje alltid nok, som denne framsyninga dessverre syner.

Seda Witt og Nibba Najeeb spelar høvesvis Sonia og Haneen.
Publisert

Det mest interessante ved denne framsyninga er ikkje spelet, men politikken kring spelet. For skal ei palestinsk teatergruppe setje opp Shakespeares Hamlet eller eit anna teaterstykke på Vestbreidda, må ein rekne med at israelske styresmakter har sitt å seie.

Det veit alle som har lese suksessromanen med same tittel, som kom i 2023 – og som dessverre er blitt skoren ned meir enn godt er for å få pressa teksten ned i teaterformatet. Nok eit døme i ei endelaus rad på kva som kan skje når norsk teater tek ein omveg til målet.

Fragmentarisk

Den i byrjinga litt kaotiske historia, med handling lagd til 2017, tek til med at den britisk-palestinske skodespelaren Sonia Nasir (Seda Witt), som er på vitjing hjå systera Haneen (Hibba Najeeb) i Israel, motstrevande blir vikla inn i førebuinga til denne teateroppsetjinga og endar i rolla som dronning Gertrude, mor til Hamlet.

Parallelt med teaterarbeidet, leia av regissør Mariam (Kirsti Refseth), går historia om den London-busette Sonia, som knapt har noko forhold til dagens Palestina, og som berre har vage minne om ein villa besteforeldra hennar i ei fjern fortid eigde. Og om forholdet mellom søstrene. Men mykje blir nokså fragmentarisk og opnar ikkje for noka djupn.

I staden må vi nøye oss med ei og anna enkeltscene som hevar dette over det ordinære. Verknadsfullt er det når «to be or not to be» blir lese parallelt på engelsk og arabisk. Likeins gjer det inntrykk å høyre om kontroll og overvaking, trakassering, forfølging og andre former for motarbeiding frå israelske styresmakter, men kor mykje betre ville det ikkje vore å få sjå noko av det!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement