Bok

Poet i postuniform

Historia om Tomas er smålåten, men rommar det meste. Av det vi bryr oss om.

Gaute Heivoll har skrive ei rekkje bøker i ulike sjangrar og vunne fleire litterære prisar sidan debuten i 2002.
Publisert

Gaute Heivolls forfattarskap er stort og rikhaldig, ikkje berre i talet på bøker i ulike sjangrar, men òg i variasjon. Han har skrive om alt frå brannstiftarar til torturerte motstandsmenn, frå psykiske lidingar på den fåmælte bygda til skipsfart i 1775.

I romanen Himmelens krystall møter vi ein mann med ein prosaisk livsførsel, men med eit poetisk indre liv.

Vandrande poet

Tomas lever i overgangstida mellom 1800- og 1900-talet, i Heivollen på Sørlandet. Han veks opp med distanserte foreldre og ein bror han er sterkt knytt til. Broren Salve blir med åra ein like ullen figur som foreldra, og då han døyr, har ikkje Tomas anna å stå på i livet enn tilfella som rår, vanens makt og pliktkjensle, og sitt eige indre.

Han tar over garden som Salve skulle hatt, men er ingen arbeidskar: «Han var ømskinnet, nervøs og nærtagende». Garden forfell, og Tomas blir postbod. Han vandrar og vandrar, tilbakelegg svære avstandar. Romanen er fortald i tredjeperson, likevel er det refleksjonane til Tomas vi får gjennom utsegner som denne: «Forsendelsene fra utlandet var flisete og slitt i hjørnene, som om brevene var kommet flygende på egen hånd gjennom luften.»

Han er ikkje berre «ømskinnet», men også ei kjenslevar og kreativ sjel, som frydar seg over å sjå ein maur bere ein annan maur på ryggen over vegen, som ser ein daud hest og aldri blir kvitt dette skrekkelege synet, som likar å lese, som oppdagar at han kan skrive – utan at han får gjort så mykje ut av det (i si levetid).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement