Bok
Poesiens doble heimstamn
Dan Andersen skriv kompromisslaus poesi og vene dikt.
Dan Andersen bur i Oslo og har gjeve ut fleire diktsamlingar.
Foto: Heidi Furre
Tittelen Nedstyrtet poesi teiknar opp ein vertikal akse og gir signal om ein poesi som har falle, frå det himmelske til det jordiske, og som ber avstanden – fallet – i seg.
Og denne avstanden vert vent og gåtefullt uttrykt i bileta til Dan Andersen: «En tynn mørk kvist/ stikker ut fra himmelen/ slik dørene til noen roterom/ ikke lar seg lukke».
Frå evangelisten Johannes veit me at ordet var i byrjinga, og ordet var hos Gud, og ordet var Gud. Det finst ein språkmagi i skapingssoga, i form av: Bli lys! Idet det guddommeleg ordet vert til kjøt, har ordet falle og har heimstamn i to verder.
Den doble heimstamnen passar godt på metaforen, jamfør biletet over, som uttrykkjer at noko både er og ikkje er det det er.
Samklang
Det er òg eit kjennemerke på poesien, slik han kjem til uttrykk i Nedstyrtet poesi. Dikta seier noko om mennesket, verda og tilværet som berre kan seiast slik det vert sagt i poesien: «For hva skal himmelen med oss/ som trenger evigheten/ på å mestre ett enkelt sekund».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.