Film
Ploging i nedoverbakke
Skal ein skulda på Jo Nesbø eller Tomas Alfredson for dette mislukka nordic noir-forsøket?
Harry Hole (Fassbender) og Katrine Bratt (Ferguson) på stamkafeen Schrøder i Oslo.
Foto: Jack English / United International Pictures
Den forfylla, men respekterte politimannen Harry Hole (Fassbender) får ei forsvinningssak i nevane. På laget har han med seg den unge, målretta betjenten Katrine Bratt (Ferguson). Kvinner forsvinn, og når dei dukkar opp att, er dei parterte. Utanfor huset deira står alltid ein snømann og smiler skeivt. Snart blir det klart at noko av mysteriet har opphav i ei gamal, uoppløyst sak i Bergen, som Katrine nyss flytta frå. Den rike filantropen Arve Støp (Simmons) er også tilknytt på eit eller anna vis saman med ein haug andre.
Postkort frå «Noreg»
Når Hollywood kjem til Noreg, er det klart at me kan ikkje rekna med å få gjengjeve landet på realistisk vis. Så eg prøver å ikkje la dette trekkja ned hovudinntrykket at Atlanterhavsvegen dukkar opp fleire gongar, både utanfor Oslo og i Telemark. Eg synest ikkje det verkar usannsynleg at folk røyker uavbrote innandørs uansett kor dei oppheld seg, sjølv om få land har strengare røykelov enn Noreg. Heller lèt eg meg ikkje affisera av at teakpanelet, som prydar den underleg trendy leilegheita til Hole, går att i stort sett alt interiør gjennom heile filmen. Sistnemnde er jo varemerket til regissør Tomas Alfredson, om du har sett Muldvarpen (2011), men då er trass alt handlinga lagd til 70-talet, mens teak framleis var nokolunde moderne. Og det går ei stund før eg skjønar at handlinga i Snømannen faktisk er lagd til notid: Kven i holaste har ein svær bunke brev på pulten sin i dag? Men nei då, ingenting å henga seg opp i her.
Resten
Frå ironi til alvor: Dei fleste utanfor Skandinavia vil ikkje tenkja over «finn-5-feil»-stilen. Og landskapsbileta er gjennomgåande akkurat så slåande vakre som me sjølve ofte kan skryta av. Men kva med handlinga? Eg har store problem med å nøsta opp kven som har med kva å gjera utover. Ikkje fordi det er så intrikat, for ofte er det aldeles banalt kor lett dei finn tråden. I neste augeblink verkar det som samanhengen har forsvunne ein plass i fortida. Og korleis mordaren får til å laga desse snømennene på dei underlegaste stader, er uforståeleg. Er det forfattar Jo Nesbø som har laga eit så dårleg, usannsynleg plott i boka filmen er basert på? Kvifor har dei då tenkt at det var ein god idé å laga film av det? Meisterdetektiv Harry Hole har meir flaks enn teft, og nokre gongar tek han så merkelege avgjersler at eg til slutt tenkjer at, ja, han har verkeleg teke skade av all alkoholen han visstnok heller i seg.
Konklusjonen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.