Film

Plankeracerkøyring

Sjansen for at ungane likar denne kinofilmen betre enn dei utskremte vaksne, er stor.

Musene Ed og Edda kjempar om å vinne eit billøp gjennom Mellom-Europa.
Publisert

Alt Edda vil, er å bli meister i det store Grand Prix-løpet, men ho er berre ei mus som hjelper faren i ferieparken som held på å gå konkurs. Men køyra bil, det kan ho.

Ein dag får ho sjansen til å snikprøva bilen til meisterfavoritt Ed, og då han prøver hindra ho, skadar han armen. Løysinga? La Edda gje seg ut for å vera Ed, vel!

Tur i parken

Formel 1 har verkeleg klart å snika seg inn som folkesport. Starten på Grand Prix – Poten på pedalen minner morosamt mykje om den andre påkosta racingfilmen i år, F1. Men hovudinspirasjonen til filmen kjem frå ein ekte feriepark, den tyske Europa-Park, der Ed og Edda er maskotar.

Produsenten av filmen er gründeren av parken som feirar 50 år i år. Det må gå langt betre med Europa-Park enn ferieparken til Edda og faren, for det er påkosta animasjon og jobb for ein nittiminutts reklamefilm.

Fyrst tenker eg at det minner om teiknefilmen Zootropolis (positivt), men det går ikkje mange minuttane før tankane går til barne-TV-serien Paw Patrol (negativt). Det er masete og kavete, noko skal skje heile tida, og tempoet går bam-bam-bam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement