Bok

Personleg rapport om SV

Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.

Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Publisert

«SV er litt av et parti, og har litt av et liv bak seg.» Slik opna Frank Rossavik boka si om partisoga i 2011, SV. Fra Kings Bay til Kongens bord, der han skildra rytmane av opp- og nedgang, brostne voner og større og mindre sigrar, fram til regjeringsdeltaking.

Stjernø framfører andre situasjonar. Tilnærminga er i starten nær og dels nærgåande, men utetter vert ho meir offisiell i preget – likevel slepp undringa til.

Ulikt så mange politiske memoarar finst her ikkje hemnmotiv, foruretta oppgjer, irriterte utfall. Det heile er ein sindig, personleg og overtydande rapport om livet i SV. Det syner seg at boka ikkje berre handlar om syttiåra og radikalismen då, men faktisk forfylgjer nokre spor av dei usemjene og uavklåra spørsmåla som reid heile den såkalla venstresida.

Entusiastisk kjerne

Utgangspunktet er forteljinga om ein ungdommeleg, entusiastisk kjerne av intellektuelt godt orienterte vener og kjende, med gradvis tilkommande nye deltakarar. Det heile startar på Oslo katedralskole med ein krins som gradvis tek opp nye medlemer, der ein del er eldre medlemer av SF, og der jamvel folk som var med på splittinga frå Arbeidarpartiet i slutten av femtiåra, etter kvart ikkje hadde så mykje å gjere.

Gruppa var lenge prega av seminaraktige ideologiske diskusjonar som skremde mange vekk. Stjernø kom frå ein hardt arbeidande innflyttarfamilie, det gjorde at han var meir oppteken av praktiske spørsmål. Men dei mange diskusjonane avslørte grunnleggjande usemjer, som låg der og forstyrra jamvel lenge etter at Sosialistisk Ungdomsforbund i 1968 vart omdanna til SUF (m-l). Her kom ein nærare midten av syttitalet fram til ei klår avvising av stalinismen og maoismen. Avklaringa av at ein ikkje kunne integrere NKP, stagga også dei fleste som ville sjå Lenin som leiestjerne, kan hende med unnatak av Vardøger-krinsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement