Par i to
Kaia Dahle Nyhus er ein diktdebutant med innful humor og kjærleik.
Kaia Dahle Nyhus vart prisa då Kulturdepartementet heidra barne- og ungdomslitteratur utgjeven i 2018. No har ho skrive dikt.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Den prislønte illustratøren og barnebokforfattaren Kaia Dahle Nyhus lyrikkdebuterer med diktboka Du sier, jeg sier. Kanskje er det utilbørleg generaliserande å hevde at forfattarane på Flamme Forlag verkar å ha noko felles i måten dei nærmar seg lyrikken på: Ein lyrikkstil som dyrkar det likeframme, snakkedrivne og prosanære. Viss det er slik, er det interessant at boka til Nyhus nærmast berre har setningar som vert innleidde med «du sier» eller «jeg sier» og bevegar seg att og fram som ein bordtennisball. Å nøye referere til at det vert talt, er kanskje overflødig når ein ser at replikkane skiftar, men på same tid utgjer nett dette aspektet den fiffige strukturen diktboka er bygd rundt.
Kjærleiksboble
Det skal vere usagt om det unge paret som lesaren treffer på i dikta, og som mot slutten av boka ikkje har kjent kvarandre særleg lenge, spinn seg inn i ei trugande kjærleiksboble. Uansett følgjer ein paret i kvardagslivet, på ferie og mot eit større alvor i forholdet. Undervegs responderer dei på den andres små og store underfundige betraktningar, og slik nærmar dei seg kvarandre og skapar sterkare fellesskap. Trass i at paret syner velvilje ovanfor kvarandre, går dei ikkje naudsynleg opp i ei høgare harmonisk eining. Jamvel om det er openbert at dei deler ei velutvikla interesse for coladrikking, er dei to polar, i dynamisk og utprøvande og ofte sympatisk innstilt utveksling med kvarandre.
Sjokkeffekt
Det ligg ein god del absurd og innful humor i Kaia Dahle Nyhus’ dikt. Det kan verke som ein sjokkeffekt når kvardagens trivialitetar hamnar i diktet, og dei ørsmå hendingane vert kontrasterte med storpolitikkens sfære. Når dei køyrer tuk-tuk i Asia, går det frå at dei snakkar om kor billig det er å køyre farkosten, til atomkraftverk, forureining og elbilar i Noreg, medan diktets siste strofe igjen snurpar seg saman rundt dei, og colaen, og ein augnar tendensar til ein gryande disharmoni: «Du sier du tok det siste av colaen./ Du sier at du spurte om jeg ville ha./ Jeg sier at det gjorde du ikke.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.