Bok

Påminning om eit sivilisasjonsfall

Historia om dei internerte jugoslaviske slave­arbeidsfangane i Nord-Noreg under krigen minner oss om kor internasjonal nazismen var, og kva menneske kunne få seg til å gjera.

Dei jugoslaviske krigsfangane i Noreg vart tvinga i arbeid på den såkalla Blodvegen, vegstrekninga mellom Botn og Saltnes, rett aust for Rognan i Saltdal.
Publisert

Nordmenn med politiske interesser som har levd ei stund, vil ha mange minne om Jugoslavia. Her er mine:

* Reportasjeboka til Sigurd Evensmo Østenfor vest og vestenfor øst frå 1955, som vart kjernesymbolet på vona til den norske venstresida om eit sosialistisk og demokratisk Jugoslavia. Evensmo levde lenge nok til å innsjå at han hadde teke feil.

* Filmen Blodveien, regissert av Kåre Bergstrøm og Rados Novakovic, frå 1955, som nok ein gong stadfestar kor umenneskeleg naziregimet i fangeleirane var under okkupasjonen, med norske NS-folk som nidkjære plageånder og sadistar. Nils Christies klassiske studie av korleis norske fangevaktarar ikkje var stort betre enn SS og Wehrmacht i desse leirane, vart kunnskapsutvidande ­– og gav oss ein sosiologisk klassikar.

* Mange år ved Inter universitetssenter i Dubrovnik, der vi møtte dei gamle serbiske og kroatiske partisanane. Dei tala om human liberation. Dei bar med seg heile den marxistiske arven og meinte noko heilt anna med omgrepet frigjering enn det vi trudde: Dei stod i røynda for eit folkeleg diktatur nedanfrå med industrielt sjølvstyre og alliansefridom som berebjelkar. Ikkje eit parlamentarisk demokratisk fleirpartisystem, som vi vona.

Dette såg vi ikkje så klart den gongen; vi ville forsvara ytringsfridomen til universitetsfolk i tidsskriftet Praxis mot eit autoritært Tito-styre. Det vi ikkje skjøna, var at dei opposisjonelle serbarane og kroatane var ihuga og autoritære nasjonalistar.

Mange av dei, til dømes leiaren for det serbiske vitskapsakademiet, Mihailo Markovic, vart ei drivkraft bak Slobodan Milosevic og storserbisk aggresjon under borgarkrigen på 1990-talet (akademiet skreiv kvitboka som gav serbarleiaren grunngjevinga for krigen).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement