Film

På kanten av røyndomen

Kvifor vil så mange filmskaparar sprita opp ei historie når røyndomen i seg sjølv er dramatisk nok? Den nye Churchill-filmen er endå eit døme på historieforvrenging.

Winston Churchill, spela av Gary Oldman, viser sigersteiknet etter å ha fått gjennomslag i parlamentet.
Winston Churchill, spela av Gary Oldman, viser sigersteiknet etter å ha fått gjennomslag i parlamentet.
Publisert

Det går ei Churchill-bylgje over verda. Kan grunnen vera at mange vanlege menneske lengtar etter politisk leiarskap ut over det trivielle? Teikn på at politikk òg kan dreia seg om moralske prinsipp, tunge prøvingar, om sveitte og samhald, framført i eit språk som er noko meir enn trivialitetar og platt sosialøkonomi?

Desse tankane melder seg naturleg etter Joe Wrights film Darkest Hour, som no går sin sigersgang over kinolerreta. Kjernen i filmen er dei tre fyrste vekene etter at Winston Churchill vart utnemnd som britisk statsminister 10. mai 1940 – ei overrasking for dei fleste. Churchill sa sjølv om dei vekene som følgde, at det dreidde seg «the hinge of fate» for Storbritannia, ei uhyggeleg, prekær krisetid. Lagnaden «hang på ei hengsle». Uttrykket kjem i Churchills eiga krigshistorie, i bandet om året 1942, men kan like godt gjelda for våren 1940.

Seinare i livet vart han spurd om kva for år han gjerne ville oppleva om att. «1940», var svaret «every time». Ikkje til å undrast over. For ei historie! Her treng me sanneleg ikkje filmregissørar for å skapa dramatikk.

FRED VIA MUSSOLINI?

I ettertid veit vi at Storbritannia desse dagane i mai var svært nær å innleia fredsforhandlingar med Hitler. Storbritannia stod åleine. Nederland, Belgia og Frankrike vart invaderte, Noreg og Danmark alt hærtekne.

Det var utanriksminister Lord Halifax’ tanke at det ikkje var noko anna alternativ enn å søkja om fred. (Ei god side ved filmen er at «appeasarane» ikkje vert framstilte som moralsk undermåls. Dei som søkte kompromiss med Hitler, var merkte for livet av massenedslaktinga under fyrste verdskrigen. Neville Chamberlain, til dømes, miste nevøen, Norman, i desember i 1917 og lova at han skulle via livet sitt til å unngå noko slikt att.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement