Bok
På hyttetur med seg sjølv
Marianne Teie gir oss ein morosam, mørk og rørande studie av eit djupt plaga sinn.
Marianne Teie har tidlegare gjeve ut to diktsamlingar.
Foto: Jorunn Greiff Solli
Dama til Rune har reist på hytta for å kome vekk frå Rune. Ho treng ein pustepause. Ho har ikkje sagt ifrå om kvar ho er, men då mannen og søstera skjønar at ho er på Sjusjøen, gjer ho ikkje noko forsøk på å innbille dei noko anna. Ho tar berre ikkje alltid telefonen når Rune ringer.
Kjem aldri til butikken
Dama til Rune har meir enn nok med å takle dei to menneska som er på hyttene rundt henne – hundemannen (som har hund), og hallomannen (som ein dag kom og sa hallo). To menneske er ein heil flokk for folkeskye damer. Det er kosteleg å følge alle banene hovudpersonen tar for å sleppe å møte folk. Det resulterer som regel i at ho ikkje kjem seg på butikken, som var planen, for på hytta er det berre knekkebrød og sukker, dessutan manglar ho undertøy etter ei hovudlaus pakking.
Ho har større talent innan andre felt, som å sove og vere tiltakslaus. Vi skjøner at ho har hatt ei brokete arbeidsfortid og no er trygda. Etter kvart som ho tenker tilbake på si eiga historie, blir det klart for lesaren at det utilstrekkelege, og det eigenarta ved henne, kan ha si forklaring i oppveksten. I alle fall har den distanserte faren og den mentalt ustabile mora sett sine spor.
Barnsleg stemme
Marianne Teie skriv om hovudpersonen med varme og forståing, men òg med ironi og humor. Det er lett å få sympati med den trassig-stakkarslege dama, det er òg lett å bli særs uroa av hennar stadig meir destruktive og antennelause påfunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.