Musikk
På fransk maner
Gambisten Rignol tek føre seg av cellolitteraturens pièce de résistance.
J.S. Bach-bysten i tyske Köthen.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Eg høyrer til dei som alltid har tykt at Johann Sebastian Bachs (1685–1750) cellosuitar kling fint på gambe. Dette typisk franske strykeinstrumentet heiter korrekt viola da gamba (italiensk for «beinfele»; ein held henne mellom beina). Gamben har i motsetnad til celloen seks- eller sju strenger og tverrband på gripebrettet. I tillegg er han stemd annleis, og ein grip bogen frå undersida, ikkje oversida, som på celloen.
Korleis kling så cellosuitane annleis på gambe? Der er meir overtonar, noko som gjev det høge registeret ein lett nasal klang. Lydstyrken er lågare og artikulasjonen mindre eksplosiv enn på den røffare celloen. Men det gamben manglar i volum, tek han att i finesse. I tillegg er det noko meir naturleg og mindre tvunge over samklangane.
Akkordisk
Dette med samklangar er viktig i suitane. Sjølv om Bach skreiv vakre melodiar, er og blir han ein harmonikar som – med sin organist- og cembalistbakgrunn – alltid tenkte fleirstemt. Den franske gambisten Myriam Rignol må ha gjort seg tankar om dette, for måten ho framhevar akkordane på, er ein styrke ved dobbelalbumet hennar.
Rignol er ikkje den fyrste gambisten som gjev seg i kast med samlinga som i det mest kjende manuskriptet heiter 6 Suites a Violoncello solo senza Basso («6 suitar for cello utan bass», altså solo). Italienaren Paolo Pandolfos snart 20 år gamle innspeling, som er komen i fleire opplag sidan, er for meg den absolutte referanseinnspelinga.
Meir fransk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.