Film

Overraskande oppløftande

Lulu Wang har prestert eit lite meisterverk med The Farewell.

Bestemor (Shuzhen Zhao) representerer meir enn nostalgi.
Bestemor (Shuzhen Zhao) representerer meir enn nostalgi.
Publisert

Billi (Amkwafina) flytta til New York frå Kina saman med foreldra (Ma og Lin) då ho var berre seks år gamal. Med telefonsamtalar til bestemora Nai Nai (Zhao) held ho kontakten (og sitt gamle moderspråk) ved like. Under påskotet av eit bryllaup til søskenbarnet reiser dei tilbake for å ta farvel med Nai Nai, som har fått lungekreft. Men det veit ikkje Nai Nai sjølv.

Det er mange lag ved The Farewell. Trass i den raude tråden klarar dei å unngå dei mange fellene ved forviklingskomediar. Heseblesande kaving er halden på eit minimum, og humoren er mild og underfundig. Heile filmen er eigentleg mild og underfundig, men utan å vera døll. Tvert imot, han er ganske kvass, både i skildring av personlegdomar og kulturkrasj.

Billi framstår som eit svært truverdig eksempel på ein moderne fyrstegenerasjonsinnvandrar i USA. Foreldra snakkar gebrokkent engelsk med henne heime, men identiteten er i ferd med å bli amerikanifisert. Når faren og syskena treffest, er dette eit stadig tema. Billi får skryt fordi ho snakkar godt mandarin, men i skrytet ligg ei sår erkjenning av at ho ikkje er «ekte» kinesisk lenger. Så er heller ikkje Kina slik ho hugsar det – det gamle nabolaget er jamna med jorda og erstatta av høgblokker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement