Bok
Ordas salt
Carl Henrik Berge er både sjangermedviten og original i denne sterke motstraumsromanen.
Carl Henrik Berge har studert litteraturvitskap og journalistikk og gått på Skrivekunstakademiet.
Foto: Ida Gøytil
Litt uærbødig, kanskje, men eg må tenke på det mor mi sa til meg då eg var lita og gjorde grimasar: «Ikkje gjer slik, du kan bli slik», når eg opnar Carl Henrik Berges debutroman Saltstøttens sønn og finn at fleire personar er forvandla til saltstøtter. Har dei ikkje høyrt på mor si? Men lenger enn det kan eg ikkje trekke den assosiasjonen, for i denne romanen er det verken plass til grimasar eller til å vere uærbødig.
Språksterkt
Ein ørkenby blir ramma av ein katastrofe, det kan vere ei straff frå det høge, og dei som ikkje blir til saltstøtter, legg ut på vandring. Vi følger mora og sonen, taktekkaren, kjøpmannen, portvaktaren, syaren og andre skikkelsar på si ferd i eit mytisk eller bibelsk landskap bort frå den varsla flaumen, eller «floden», som det står.
Det er ikkje snakk om ein bekk som renn over. Nokre kjem til Havbyen, der dei går om bord i eit skip som eventyrleg nok har både åkrar, stallar og forretningar om bord, andre kjem til Marmorbyen, der dei aldri ser sol eller dagslys. Det er eit univers og ei forteljing som ikkje kallar på ei realistisk lesing, men som ein heller må lese slik ein møter religiøse tekstar, antikke drama eller eventyr: Det står noko der, men ikkje nødvendigvis (berre) på linjene.
I Berges roman står det ein heil del, særleg i språkføringa. Ein treng ikkje ein filmatisk notidsroman å «engasjere seg i» når ein kan få setningar som denne:
«Hvordan vet du at floden kommer? Jeg har hørt at den bare er et rykte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.