Teater
Opnar sansane
Kant er leikent, fantasieggjande og teknisk briljant.
Régis Royer er åleine på scenen i rolla som guten Kristoffer.
Foto: Maxime Lethelier
Jon Fosse skriv ikkje barnebøker, men allalderlitteratur. Biletboka Kant (1990), illustrert av Akin Duzakin, er kanskje det aller beste dømet på det. Her lèt han åtte år gamle Kristoffer undre seg over universet. Er det endelaust? Kva vil det i så fall seie? Om det har ei yttergrense, kva ligg bortanfor kanten? Og kan det tenkjast at Kristoffer og far hans berre eksisterer i draumen til ei kjempe som er så stor at ingen på jorda kan sjå at det er ei kjempe? Finn den filosofiinteresserte far hans kanskje nokre svar hos filosofen Immanuel Kant?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.