Bok

Omvegar til ein dødsdom

For mykje generell historie skygger for forteljinga om ei vond kvinne på 1700-talet.
 

Frå verktøykassa til skarprettarfamilien Lædel.
Publisert Sist oppdatert

Hardanger-kvinna Kari Knutsdatter enda livet halshoggen som massemordar i 1771, i ei av dei verste drapssakene på Vestlandet i einevaldstida. Ho vart dømd for å ha avslutta fem liv, fire av dei var hennar eigne nyfødde barn, sette til verda i dulsmål. Attåt skulle ho ha vore med ein av elskarane sine om å ta livet av kona hans.

Retten slo fast at den 35 år gamle kvinna var ei «u-guudelig, løsagtig, horagtig og morderisk Barne-Moder». Ho hadde sagt ho kunne få kva mann som helst til å attrå henne, vart det vitna mot henne. I forteljingar i ettertida vart ho til Karmanns-Kari.

Rettsreglar

No har Jørn Øyrehagen Sunde skrive bok om henne, og om kvinneliv, styresett og normsett på denne tida. Boka freistar som ramme rundt lagnaden til Kari å gi eit detaljert oversyn over lovsystemet og rettsreglane som styrte tida, med døme frå heile Vestlandet. Korleis rettsnivåa var ordna og kven som styrte dei ulike, blir vigd stor plass, likeins uskrivne reglar, normer og skikkar i samfunnet som kan ha hatt betydning for at det gjekk som det gjekk med denne kvinna.

Forfattaren skriv sist i boka ein kort forsvarstale for Karmanns-Kari. Har vi alle eit medansvar for korleis andre blir pressa til å handle? Var det einast kvinna si skyld at ho mista hovudet, også til slutt reint bokstaveleg, som straffa var den gongen?

Forfattaren vil utfordre vår tenking i dag. I kva tilfelle er vi medansvarlege for avskyelege handlingar andre tyr til? I høve kvinna i boka nemner han som medskyldige alle dei mennene kvinna avla barna med, som er nemnde i dommen, dei som lét det skje som skjedde, delvis hjelpte til ved å sjå vekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement