Bok
Omfangsrikt
Stein Sørensen engasjerer med brei kunnskap, men det kan bli for mykje av det gode.
Stein Sørensen er forfattar og sjukepleiar ved infeksjonsavdelinga på Oslo universitetssjukehus.
Foto: Elen Sonja Klouman
Scene frå min ungdom: Eg er på veg til Lillehammer med toget for å besøke mormor. Eg sit med ei rotte på skuldra, laus, det vesle reiseburet har eg på fanget. Verken konduktør eller passasjerar kommenterer det, sjølv om det må ha vore oppsiktsvekkjande. Dette er det barokke, elleville 80-talet, der alt er lov, utanom å seie ifrå.
Om vi ser bort frå Marit Nicolaysens barnebøker om Svein og rotta, vrimlar det ikkje av rotter i norske romanar. For ein tidlegare rotteeigar er det dermed stas å møte på rotta Valdemar i Stein Sørensens Brønnøya. Han får sitt eige litterære liv, og dramatiske død, og etterlèt eit inntrykk.
Ein slags krim
Ja, så er her menneske: Hovudperson Jon Holm Matsen kjem frå ein familie som har stått for lysskye finansielle operasjonar. Når det er hans tur til å overta formuen, etablerer han ei stifting som bygger skular og sjukehus i mange land, som ei etisk kvitvasking. Sentral er òg den overflodskunnskapsrike fetteren August, rotteeigaren, og far hans, finansskurken, som det nærmast står 176-671 i panna på. I tillegg kjem nokre damer som har noko på hjartet i romanen, og nokre lik.
For dette er ein slags krim. Boka opnar med at Matsen er på ei hytte på Brønnøya i Oslofjorden då realitystjerna Maria Ruge blir myrda under ein fest på nabotomta. Han høyrer nokre urovekkande lydar og plagar seg sjølv i ettertid med spørsmålet om han kunne ha forhindra drapet.
Det er opp til fleire mysterium i sving, nokre av dei blir løyste, andre må ein kanskje ned i fotnotane, eller i sluttnotata bak i boka, for å kome vidare i. Det er ingen vanleg krimstruktur å finne, men mysteria er spennande nok til at ein held på interessa i denne elles lange og omstendelege boka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.