Musikk
Om å vera på bølgelengd
Trioen miksar smakfullt akustiske instrument med elektronikk.
Overraskande nok er Dream Archives platedebuten til denne trioen. Dei gav konsertar i fjor haust, men dette er altså den første plata i lag som trio. Dette er likevel musikarar som kjenner kvarandre svært godt, og det kjem fram på fleire vis, ikkje berre gjennom eit tett samspel, men også i brå skifte på så å seia alle musikalske område, og det mest imponerande er at dette skjer så uanstrengt og saumlaust.
Den kollektive utforskinga skjer med rikeleg armslag. Dei tar seg tid til å fullføra idéutvekslingane og -utviklinga.
Craig Taborn har komponert fire låtar. I tillegg gjev dei seg i kast med «When Kabuya Dances» av Geri Allen, som gjekk bort berre 60 år gammal i 2017, og Paul Motians «Mumbo Jumbo», som blei spelt inn på Garden of Eden (ECM, 2006). Båe låtane er tolka med stor audmjukskap, men Allen-låten, frå debutplata hennar The Printmakers (1984), er eit høgdepunkt. Her teiknar Taborn regnbogen over himmelen i ein lengre intro, før trioen gjev seg i kast med temaet proppa med R&B og latin-referansar. Det heile løyser seg opp i abstrakte klangar.
Klang og kommunikasjon er stikkord for favorittane mine i Taborn-delen av repertoaret. I tittelkuttet spleisar dei tre det akustiske instrumentariet med elektronikken på overraskande organisk vis. Det er noko hypnotisk filmatisk ved dette tolv minuttar lange strekket.
På opningssporet «Coordinates for The Absent» er det den minimalistiske sida ved trioen som kjem til orde – også her med den gode kjemien mellom det akustiske og det elektroniske. Krevjande og vakkert!