Bok
Om å tenke mens ein går
Jan Grue skriv strålande om avgrensingar og overskridingar.
Jan Grue har skrive ein leseverdig sjølvbiografi, skriv Ingvild Bræin.
Foto: Amre Valeur
«Skulle ikkje du vore død?» Det er ikkje mange av oss som støyter på denne utsegna når vi møter att folk frå skuletida, anten det no er uttala eller ligg der som ein undertone.
Ser ein bort frå den politisk korrekte utsegna «ingen er like», er det trass alt nokre som er mindre like enn andre. Det er den erfaringa Jan Grue snakkar om i den svært leseverdige sjølvbiografien (eller «levnetsbeskrivelsen») Jeg lever et liv som ligner deres, om å bli fødd med ein muskelsjukdom som gjer at han for ein stor del blir avhengig av rullestol, og som gir han fysiske utfordringar der dei fleste av oss gjer ting automatisk og utan strev.
Erfaringar
Vegen frå eit avgrensa utgangspunkt til å bli kritikar, redaktør og forfattar, til doktorgrad og professorat, med delar av utdanninga i Amsterdam, Danmark og San Francisco, til eit liv med kone og barn, har vore kronglete og lite sjølvsagd. Alt dette innanfor ramma av at Jan Grue aldri har kunna skunde seg, som han seier, rullestolen går i den farten han gjer. Han har oppnådd mykje, men ikkje utan nedturar.
Jeg vil ha det samme som alle andre. Men jeg er ikke som alle andre. Det er vanskeligere for meg å få det jeg vil ha. Dette er ein allereie kursivert passasje som kjem i ein terapisituasjon der Grue prøver å setje ord på kvifor han ved eit tidspunkt under utdanninga er deprimert.
Erfaringa som ligg i det kursiverte sitatet, hadde han for lengst, men ordfestinga viste seg å bli vanskelegare. Denne utgjevinga, som han har arbeidd med i ti år, kan òg sjåast som nettopp ei øving i å setje ord på erfaringane. Men ord sit kanskje langt inne fordi dei òg handlar om evne eller vilje til erkjenning, til å anerkjenne situasjonen: Er det slik at eg har lært å forakte eigen kropp under blikket til andre? Er det slik at eg òg har gitt blaffen i desse blikka?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.