Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Og bakom skrik skogane

Ingen grunn til å vera skeptisk til at krimforfattar Harlan Coben kjem i polsk utgåve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den polske miniserien går på NRK.

Den polske miniserien går på NRK.

Pressefoto

Den polske miniserien går på NRK.

Den polske miniserien går på NRK.

Pressefoto

2494
20200612
2494
20200612

Krimdrama

Regi: Leszek Dawid, Bartosz Konopka

The Woods (orig.tittel: W glebi lasu)

Med: Grzegorz Damiecki, Hubert Milkowski, Agnieszka Grochowska, Wiktoria Filus
NRK, miniserie

På ein idyllisk ungdomsleir høyrer Pawel (Milkowski) og Laura (Filus) grufulle skrik frå skogen. Fire av leirdeltakarane har forsvunne, blant dei systera til Pawel, og to av dei blir funne drepne. Spol tjuefem år fram i tid, og Pawel (Damiecki) og Laura (Grochowska) møter fortida igjen. Kva skjedde eigentleg den gongen i skogen?

Fordommar til sides

Polsk TV-krim? Eg skal innrømma at fordommane set inn, og eg ser for meg austblokk-blokker, gråtonar, stille stirring og alvorleg sosialrealisme. Alt dette blir gjort til skamme i The Woods. Filmatisk har det meir til felles med elegante, hollywoodifiserte skandinavar som Morten Tyldum og Tomas Alfredson, med ein dus sepiaglød, reine linjer og pene klede. Og alle menneska er utruleg hippe og kule, heilt ned til statisten som spelar laboratorieassistent.

Serien er basert på amerikanske Harlan Cobens bok The Woods – kanskje det har gjort sitt til at ein har gått for eit så glatt uttrykk? Eller så er det berre ein vellaga, påkosta produksjon som er representativ for Polen i desse dagar. Skal ein tru norske filmar som når utlandet, bur me jo alle i ein avsidesliggande dal og køyrer traktor til butikken, utan at eg synest det representerer mitt syn på Noreg.

Solid

The Woods har i grunnen alt eg ynskjer meg av ein TV-krim: blanding av fortid og notid, minst mogleg makabre drap, mange trådar som skal nøstast saman av kloke menneske. Og menneska er verkeleg likandes og ikkje så reint lite komplekse. Ein kjem innpå dei, noko som alltid er ein styrke når det handlar om personlege drama. Og det er det i største grad. Faren med at alle kjenner alle, og at det er dei næraste som forsvinn, gjer også at det av og til bikkar over til å verka for utruleg.

Men som nemnt før: Det er ikkje sosialrealisme, dette her, trass i eit par interessante observasjonar kring nasjonalisme og antisemittisme. Fyrst og fremst er det eit solid stykke krim, meint for å underhalda, meint for å deiga seg på sofaen til. Bonus: musikalske perler til å setja polsk nittitalssommarstemning!

PS. Den norske tittelen I den skogen er så dårleg at eg valde å bruke den engelske i staden.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kultur­arbeidar og fast filmmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis