Musikk

Nyskapande frå Jølster

Gro Marie Svidal byr på improvisasjonar over improvisasjonar på hardingfele.

Gro Marie Svidal.
Publisert

Gro Marie Svidal er ein veletablert og anerkjent utøvar og tolkar av tradisjonell norsk hardingfelemusikk. Ho starta å spele hardingfele då ho var fem år, og har brukt mykje tid på å ta til seg tradisjonell musikk frå Sunnfjord, Hardanger og Voss under utdanninga hjå felemeistrane Leif Rygg, Håkon Høgemo og Sigmund Eikås.

Eg høyrde henne på platesleppet på Førdefestivalen tidlegare i sommar, og vart fascinert av korleis ho tolka andre spelemenns «oppvarmingar» før dei gjekk på scena. Då dreier det seg ofte om improvisasjon.

Eg har tidlegare samanlikna norsk hardingfelespel med mykje av den nyare jazzen, som hjå spelemenn som Sigbjørn Apneseth, Benedicte Maurseth og Nils Økland, og eg synest me kan høyra ei fin samankopling av tradisjon og nyskaping i spelet. 

Og på begge platene synest eg ho leverer spanande og originalt hardingfelespel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement