Bok
Notat frå sjølvet
Det er ikkje alltid det vesle blir til det store.
Stig Aasvik legg hovudpersonen tett opp til seg sjølv.
Foto: Cappelen Damm
Lofotveggen er Aasviks fjerde roman, og for han er det ikkje eit ukjent grep å leggje hovudpersonen tett opp til forfattaren sjølv. Sidan ein roman til sjuande og sist er fiksjon, kallar vi likevel hovudpersonen «Stig». Vi møter «Stig» på jobbsøkjarkurs hos NAV i Oslo, på gamle trakter i Lofoten, som faren kjem frå, i tilbakeblikk på ulike arbeidssituasjonar i tekstbransjen eller når han viser til dagens nyheitsbilde. Forma er assosiativ – alle tema glir over i kvarandre utan varsel om temaskifte. Denne stream of consciousness-metoden er det ingenting å seie på. Eg har større innvendingar mot at forma ikkje gjer frå eller til for innhaldet, som ikkje er vesentleg for meg.
Klisjear
Det har med klisjear å gjere. Romanen opnar med «sko» som bilde på korleis ein har tatt seg fram i livet, og byr fleire gonger seinare på denne slitne metaforen. «Stig» går i fotspora til faren i «altfor store sko». «Snubla jeg? I mine egne sko?» «Hvorfor trasker jeg rundt i gamle sko når jeg kan kjøpe nye?».
Andre døme: «Jeg trodde jeg skulle sitte i cockpiten på dette flyet, så satt jeg i passasjerkabinen», eller foreldra i konflikt, sittande i «båten som var dømt til forlis». Når Aasvik legg inn referansar til andre verk og forfattarar, tvilar eg på evna hans til å sjå kva element som høver saman. Er dette til dømes eit miljø der det gir meining å blande inn Olav H. Hauge: «legger igjen kredittkort jeg ikke har i barer jeg ikke visste um»?
Skrivefeil
Det har med skrivefeil å gjere. Nærare 30 skrivefeil gjer sitt til å forstyrre lesinga, og vitnar om at verken forfattar eller forlag har lagt all verda i siste finpussen. Ikkje alle feila kjem av reine gleppar heller: «skomper borti», «mamma sukket og åkket seg», «sånn balet det på seg». Og kvifor skrive Arnold Schoenberg på den engelske måten, og kven er no Gunnar Ormstunge?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.