Teater

Norsk teater på sitt beste

Uhyggeleg sterkt om kjærleik og hat, svik og livsløgn.

Foreldra vert spelte av Even Stormoen og Marianne Nielsen.
Foreldra vert spelte av Even Stormoen og Marianne Nielsen.
Publisert

Nyss hadde Den Nationale Scene i Bergen noregspremiere på Lars Noréns Stillheten (1984), ei gjennomført god framsyning. Så vartar Rogaland Teater opp med det litteraturhistoriske «opphavet» og førebiletet til dette stykket, Eugene O’Neills klassiske og evig aktuelle Lang dags ferd mot natt (1941) med einskildprestasjonar og ensemblespel som i nokon mon overgår det som blei prestert i Bergen. Intensiteten er kanskje lågare, spelet meir tona ned, men måten det øydeleggjande kjærleikshatet blir spelt ut på, går rett i ryggmergen på meg. Det gjer vondt å sjå korleis desse menneska fortærer kvarandre.

Dysfunksjonell familie

Slik Norén nake framstilte den dysfunksjonelle familien sin, tek O’Neill oss med inn i sin familie. Så direkte at han ikkje ville at stykket skulle bli sett i scene før han sjølv var ute av tida.

Også hos O’Neill vil dei fire i familien Tyrone kvarandre vel, men kvar har meir enn nok med sitt, dei slit kvar på sin kant – ofte med alkohol som einaste medisinering for far (Even Stormoen) og dei to sønene Jamie (Torbjørn Eriksen) og den tæringssjuke Edmund (Leo Magnus de la Nuez).

Kring morfinmisbruket til mora (Marianne Nielsen frå Den Nationale Scene) blir det reist ein mur av togn og neddyssing. Men alle veit at dette byggverket kan ikkje tole det minste blaff av vind. Og når det gradvis fell, krakelerer også det vesle som held familien saman. Det skjer ikkje motstandslaust, dei fire syner vilje til å gjere det gode, seie dei rette tinga, men så raknar det – og hat og misunning kjem ut av munnen på dei.

Sjølv om fondveggen syner eit frisk sommarlandskap anno 1912, veit vi at det kan ikkje gå. Og om heile handlinga går føre seg på mindre enn eit døgn, er landskapet blitt haustleg då vi kjem inn etter pausen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement