Film

Nordnorsk noir

Ottar Brox har i 60 år kjempa for kystfolks rettar, slik den nye filmen viser: Kampen har vore heroisk – og dømd til nederlag.

Ottar Brox ønskte seg ei desentralisert ressursforvalting som sikra fiskeri og foredlingsanlegg langs kysten.
Ottar Brox ønskte seg ei desentralisert ressursforvalting som sikra fiskeri og foredlingsanlegg langs kysten.
Publisert

Onsdag denne veka hadde dokumentarfilmen om Brox – Ottar Brox. Kampen om kysten – premiere på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Frå Tromsø er det kort veg til Senja, i det minste om ein tek sjøvegen. Brox vaks opp på yttersida av øya, i det som den gong var Torsken kommune.

Brox er fødd i 1932, inn i eit livskraftig lokalsamfunn med ein særeigen kultur. Han krinsa rundt éin ressurs. Fisken fanst ofte i store mengder kort unna husa til folk, slik at dei kunne nå han i små båtar. Det var derfor folk busette seg langs desse elles ganske ugjestmilde kystane – ikkje for hundrevis, men for tusenvis av år sidan.

Her hadde dei sitt einaste komparative fortrinn. Livsforma dei utvikla, var fleksibel og tok omsyn til sesongar og naturlege svingingar i fiskebestanden. Når det var fisk å få, dreiv folk med fiske, handsaming av fisk og eksport av fisk. Ved sida av hadde dei småbruk eller dreiv med andre syslar. Torsken var berre eitt av hundrevis av liknande små samfunn langs heile kysten, spesielt i Nord-Noreg.

Tiårsplan

I dei første åra etter krigen var det enno stor optimisme. Ingenting tydde på at denne gamle livsforma var i ferd med å bli fasa ut. Men så gjekk det nedover, og det gjekk fort. Filmen handlar om denne utviklinga, om kva som eigentleg skjedde. Det er sjølvsagt nett det store delar av livet til Brox har handla om.

Omtrent då den unge Brox begynte å studere, blei den første Nord-Noreg-planen sett i verk. Planøkonomar som Ole Colbjørnsen (Ap) hadde vore i Moskva og studert femårsplanane der. No skulle Nord-Noreg moderniserast etter liknande prinsipp. Det innebar sentralisering og utbygging av tungindustri, på nye stader som låg ved ein foss inst i ein fjord, eller i eit nybygd regionssenter for fiskeindustri, som Hammerfest.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement