Bok
Nordiske slavar i «tyrkeriet»
Torbjørn Ødegaard leverer nyfunn om ein av dei mest spanande episodane i nordisk historie: då folk frå det høge nord vart trælbundne i Nord-Afrika.
Målarstykke av ein nordafrikansk pirat utført av Pier Francesco Mola (1612–1666) frå Louvre.
Kjelde: Wikimedia Commons
Dei som går sine eigne vegar i norsk bokheim, vil støyta på ukjende gullkorn. I Tyrkerranet vert soga om nordiske slavar i Nord-Afrika brett ut. På 1600- og 1700-talet vart fleire tusen europeiske sjømenn tekne til fange og selde som slavar til Nord-Afrika, i dei sokalla barbareskstatane: dagens Marokko, Algerie, Tunisia og Libya.
Torbjørn Ødegaard fortel om lagnaden til nordiske slavar i all si breidd og djupn. Eg seier djupn, for boka til Ødegaard inneheld ei mengd nyfunn. Han har gått på oppdagingsferd i norske, danske, nederlandske, franske og spanske arkiv. Det vert di meir imponerande når ein får vita at Ødegaard ikkje er universitetstilsett med forskingsprosjekt støtta av Noregs forskingsråd. Han er ein uavhengig forskar styrd av personleg lidenskap, som tydelegvis òg har gjort offer; han har mått banka på mange dører med bøn om økonomisk stønad.
Ødegaard gjev ut bøkene på eige forlag, Kystforlaget i Fredrikstad. Det har ført til ein del uturvande feil, men det skal ikkje skyggja for kvalitetane ved prosjektet hans.
Tyrkerranet er andre band i ein serie som skal telja fem bøker, der alle sider ved handelen i «kvite» slavar vert fortalde. I 2012 kom fyrste boka, ei nyutgåve av forteljinga til bergensmatrosen Hans Jochum Schram om slaveopphaldet i Tunis 1747–50. Saman med Tyrkerranet gjev Ødegaard òg ut De Fangene i Tyrkiet vedkommende, som inneheld eit rikt kjeldemateriale med tilknyting til den andre boka.
Fleirkulturelle piratar
Som det går fram av undertittelen på det sistnemnde verket, Kilder til løskjøp ..., handla dette ikkje fyrst og fremst om arbeidskraft, men om krav om løysepengar for europearar som sat fanga – som «krigsfangar», som Ødegaard skriv, for mange av barbareskstatane var i krig med europeiske land.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.