Film

Nøktern nokturne

Sannkrim kan heldigvis framleis lagast på ein spennande, nyansert måte utan å framstå som grafsete eller spekulativ.

Cara Buono (t.v.), Elle Fanning og Kai Lennox i ei scene frå krimserien.
Cara Buono (t.v.), Elle Fanning og Kai Lennox i ei scene frå krimserien.
Publisert

Conrad (Ryan) tek livet av seg, og ingenting ser mistenkjeleg ut, berre tragisk. Heilt til politiet undersøkjer telefonen hans og finn drøssevis av meldingar frå Michelle (Fanning) som oppmodar han om å ikkje gje opp. Kan ein dømast for å oppmoda nokon til sjølvmord?

Hjernejakt

Korleis taklar familie og vener det når nokon vel døden framfor livet? Korleis kan noko vera viktigare enn å leva? Og blir det betre eller verre av å vita at son din ikkje var så totalt åleine som du trudde, men at han hadde ein kjærast, ei nydeleg, blond, smart ung dame som vi ganske snart skjønar at er ganske ute og køyra?

Og sånn startar ein skikkeleg vellaga serie så full av vendingar og nye innfallsvinklar som berre dei beste maktar ein sjeldan gong. Så er også serieskapar Liz Hannah kvinna bak Mindhunter og The Dropout. Her ligg det nok ein djup fascinasjon for menneskesinnet bak, og heldigvis særskilt gode evner til å fortelja ei historie, og ein sans for detaljar som hevar The Girl from Plainville høgt over standarden i det som strengt talt er i ferd med å ta over seriemarknaden, nemleg sannkrim av den hurtige sorten.

Ukategorisk

Den åtte episodar lange serien går djupt inn i materien frå fyrste start. Elle Fanning er utstudert kjip på ein måte som får deg til å føla deg som eit dårleg menneske; du får lyst til å dra til henne for så å gradvis synast genuint synd i henne. Dei etiske og moralske dilemmaa står i kø, endå så opplagt det heile kan verka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement