Bok
Nok eit forsvar mot sekularisering
Når ein hentar Gud inn i debatten er det som om ein gjer krav på dobbeltrøyst.
Kristendom og politikk er ei debattbok, så difor vert meldinga av boka like mykje eit innlegg i debatten ho inviterer til, som ei vurdering av kor bra ho er som debattbok. Ho er bygd opp slik at fire kristne partipolitikarar kvar først har eit hovudinnlegg, etterfølgt av korte kommentarar frå dei andre tre. Til slutt har alle fire nokre korte kommentarar. Dei fire er Johan Edvard Grimstad frå Sp, Rolf Kjøde frå KrF, Janne Haaland Matlary frå H og Torkild Åmland frå Frp.
Kva debatterer dei? Dels skal dei gjera greie for korleis dei hamna i desse ulike partia, trass i at dei alle er kristne. Dels skal dei meir prinsipielt seia noko om i kva mon deira religion kan og skal skiljast frå politikk.
Når det gjeld dette siste, prinsipielle spørsmålet: Alle vi som deltek i politiske debattar, har med oss grunnleggjande verdiar, kristne, humanetiske, muslimske, ateistiske eller agnostiske eller andre. Heldigvis er det slik i demokratiet vårt at vi har ytrings- og religionsfridom, og det gjeld sjølvsagt også i dei politiske debattane. Difor er det ingen som hindrar nokon i å trekkja religionen sin inn i politikken.
Dobbeltstemme
Men noko heilt anna er om det aukar oppslutninga om standpunktet. Sjølvsagt kan det henda at einskilde kristne som enno er usikre, lar seg overtyda til å verta abortmotstandarar etter at ein politikar har vist til at det er på line med eit direkte bod frå Gud å gå mot abort. Men ikkje-truande vil ikkje bry seg om slik grunngjeving. Bruk av Gud er i strid med likskapen mellom debattdeltakarane. Når ein hentar Gud inn i debatten er det som om ein gjer krav på dobbeltrøyst. Demokrati tyder folkestyre, at menneske styrer, ikkje Gud.
Om ein verkeleg vil deltaka i ein demokratisk debatt, må ein omsetja sine verdiar til eit fellesspråk. I Stortinget kan ingen halda innlegg på framande språk. Alle må bruka det norske fellesspråket, ettersom kommunikasjon er eit krav for demokratisk debatt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.