Nok ei avsløring av familieløyndomar

Roy Jacobsen inviterer til spørsmål kring forlagspolitikk og sjanger.

Roy Jacobsen reflekterer over oppveksten på Årvoll, nord i Oslo.
Roy Jacobsen reflekterer over oppveksten på Årvoll, nord i Oslo.
Publisert

Av og til må ein kunne undra seg over avgjersler i forlag. No har Cappelen Damm gjeve ut ei tynn flis av ei bok, 60 små sider, der berre innbindinga utgjer halvdelen av tjukkleiken. Medan prisen er omvendt proporsjonal med sidetalet: 249 kroner. Og dette vert endå rarare når sjølve teksten allereie, og nyleg (i fjor), er publisert i ei anna bok frå forlaget, antologien Det felles eide. Forfattere om offentlig kunst i Oslo, av Eivind Hofstad Evjemo (red.), laga i samarbeid med ei utstilling i Kunstnernes Hus. Der skriv sju forfattarar om sitt tilhøve til ulik offentleg kunst i Oslo. Ein av dei er Roy Jacobsen, som altså har skrive teksten som no kjem ut som særtrykk. Antologien er på 200 mykje større sider og kostar 379 kroner. Ettersom vi må tru forlaget på at alle dei seks andre forfattarane er like «markante» som Jacobsen, og altså verde å lesa, treng ein ikkje mykje reknekunnskap for å skjøna at ein vil gjera eit betre kjøp om ein skaffar seg antologien til Evjemo, sjølv om det primært er Jacobsen ein er interessert i.

Så kvifor denne utgjevinga? Forlag er jo katedral og børs. Her trur eg det er børsen som styrer. Antologien kunne vel ikkje verta innkjøpt som skjønnlitteratur, men det kan ein slik enkelttekst av Jacobsen. Jacobsen er så anerkjend at det ville vera oppsiktsvekkjande om ei bok av han vert nulla. Då er det lurt å setja prisen så høgt som mogeleg: 1000 innkjøpte eksemplar vil gje 249.000 kroner inn i forlagskassa.

Men altså òg katedral. Er det ikkje-materialistiske grunnar til denne utgjevnaden? Her er ein slik: Kan hende vart det oppdaga at teksten til Jacobsen var spesielt bra, slik at det ville vore synd dersom han gjekk under radaren til litteraturinteresserte og faste lesarar av Jacobsen ved å verte publisert i ein antologi som primært handlar om offentleg kunst. Dette er noko forlaget sjølv gjev som grunn: Det siterer meldarar som nettopp seier slike ting.

Skjønnlitteratur?

Så er spørsmålet om dette verkeleg er skjønnlitteratur. Her er det fleire svar: Ein tradisjonell (vesens)definisjon (Wikipedia/Asbjørn Aarnes) seier: forteljande tekster som er estetiske, om oppdikta emne, der formålet, i motsetnad til saksprosa, ikkje primært er å gje saksopplysingar. På engelsk brukar ein fiction versus non-fiction. Men dei siste åra har mange forfattarar mist trua på oppdikting og gått over til meir eller mindre realistiske skildringar av faktiske hendingar, gjerne frå eit subjektivt «selfieperspektiv», slik bøker av Knausgård og Hjort er eksempel på. Dette vert likevel klassifisert som skjønnlitteratur, takk vera «institusjonsteorien» som seier at bøker er skjønnlitteratur dersom forlag og kritikarar seier at dei er det.

Kva så med Jacobsens tekst? Kort fortalt handlar han om korleis Jacobsen får klårgjort frå far sin kvifor mor hans ofte fekk behandling i Majorstuhuset, medan han og søstera vart tekne til Vigelandsanlegget for å venta. Dette får han til å reflektera over oppveksten på Årvoll, nord i Oslo, der ei mor frå små kår på Helgeland og ein far frå arbeidarkår på austkanten har tatt ei klassereise inn i ei sosialdemokratisk bustadblokk, men med kvar sin ryggsekk av traume. I tillegg inneheld teksten nokre refleksjonar om Gustav Vigeland og skulpturane i parken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement