Bok
Naturvitskapens poetiske forråd
Geir Halnes skriv innsiktsfulle dikt som er tilgjengelege og inviterande.
Årets diktsamling er den tredje frå Geir Halnes sidan debuten i 2007.
Foto: Baard Henriksen
Det finst ein eksperimentell impuls i diktboka La av Geir Halnes. Særleg gjeld det oppmodinga om å sjå verda under visse vilkår, slik ein gjer når ein lagar hypotesar. Hjelpeverbet la, som tittelen peikar på, tyder gi løyve til, slik ein i ein hypotese ser for seg at gitte vilkår må vere oppfylte: Viss dette er tilfellet, så vil dette skje.
Eit anna aspekt trekkjer i ei spesiell retning, nemleg det store tilfanget av ord og omgrep frå naturvitskapen. I nesten kvart dikt treffer ein på slike framande ord: «dopaminreseptor D2 i akkumbenskjernen», «gittervibrasjonene», «beta-amyloider», «lipider», «dissipativ struktur». Tradisjonelt sett er nemningane ikkje poetiske, men blir det i desse dikta: «søvnen renser ut beta-amyloider/ og jeg sover godt/ i en boks jeg ikke kan tenke utenfor».
Poetisk energi
I dikta er konfrontasjonen, parallelliteten, kontrasten og utvekslinga mellom kvardags- og menneskelivet og det tekniske og naturvitskaplege språket openberr: «er jeg tørst drikker jeg/ fra samme trau/ som kyrne og turbinene». Dette grepet utløyser, i dikta til Halnes, også ei særleg potent lading og ein sjeldan poetisk energi. Orda vert til biletressursar og til innsiktsfulle refleksjonar i dikt som er inviterande, opne og tilgjengelege. Framandorda underleggjer, og med sine uvande klangnyansar formidlar dei ein fjern venleik.
Naturvitskapens omgrep vert ofte kalla abstrakte fordi dei viser til ting me ikkje ser med berre auget, men dei skapar førestillingar. Omgrepet celle, til dømes, var det Robert Hooke som innførte i 1665, fordi han studerte kork, og det han såg i mikroskopet, likna romma munkane budde i.
Tenksamt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.