Musikk
Narvesen i ny drakt
Musikken er langt meir interessant enn tekstane.
Veslemøy Narvesen har lansert album nummer to, produsert saman Håkon Brunborg i studioet hans i Oslo.
Foto: Agnete Brun
Bilete av den talentfulle trommeslagaren er i ferd med kverva, og fram står konturane av ein komponist, orkesterleiar og prosjektmakar. Veslemøy Narvesen har med dei to platene under eige namn og samarbeidet med Kringkastingsorkesteret (Kork) gjeve seg sjølv eit nytt image. Spesielt med Letting All Light Through er Narvesen på veg til å utvikla eit fasettert musikalsk språk som hentar inspirasjon frå namn som Radiohead og Susanne Sundfør.
Eg meiner å høyra påverknad frå Paul McCartney og progrockheltar frå for meir enn 50 år sidan, men den påverknaden kan like gjerne vera indirekte. Det viktige er likevel at denne påverknaden blir transformert til eit komplekst og personleg uttrykk. Å kalla dette popmusikk kjennest både rett og feil.
Musikken på denne plata er i motsetnad til debuten pusla saman i studio. We Don’t Imagine Anymore (2023) tok utgangspunkt i ei grunnstamme av musikarar og eit sett komposisjonar som Narvesen hadde framført på Oslo Jazzfestival i 2021, der ho kvitterte ut talentprisen ho hadde vunne året før.
Musikken no er tydeleg farga av samarbeidet med Kork, men dei mektige orkestrale klangane vert kontrasterte med eit intimt uttrykk der besetninga gjerne er duo eller trio. Spesielt bruken av eit enkelt (og teknisk sett ikkje altfor bra) piano saman med strykarar og den intime og likeframme vokalen til Narvesen gjer musikken svært nær. Det heile framstår som noko dialektisk, dei to delane går opp i ei høgare eining.
Narvesen er ikkje like spanande som tekstforfattar som komponist og arrangør. Det manglar både ambivalens og nerve i det enkle poetiske språket til Narvesen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.