Bok

Når villdyret vaknar

Jonathan Gottschall klarer å kombinera teoriar om forteljingar med biologi og evolusjonsteori på ein overtydande måte.

Dustin Poirier (t.h.) slo Jim Miller i lettvektsklassen i ein MMA-kamp i New York i februar i år.
Dustin Poirier (t.h.) slo Jim Miller i lettvektsklassen i ein MMA-kamp i New York i februar i år.
Publisert

Er det nokon som hugsar attende til Harald Eias TV-serie Hjernevask, som vart oppfatta som eit åtak på Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK)? Men fleire hugsar vel den siste presidentvalkampen i USA, der Hillary tapte av di ho vart sett på som representant for ein politisk korrekt elite, oppteken av identitetspolitikk, særleg kjønn, der redneckmannfolk (i Noreg, sjå Lothepus) vart marginaliserte så mykje at dei stemte på Trump. No vel; denne boka høyrer heime midt oppe i alt dette: ei grøssarbok for STK og ei lærebok for neste demokratiske presidentkandidat.

Boka er skriven av ein 45 år gamal og 90 kilo tung amerikansk litteraturvitar, Jonathan Gottschall, som overraskande nok ikkje er postmodernist, men tvert imot oppteken av slike tunge fakta som ein finn i biologi og evolusjonsteori, for så å kopla dei saman med forteljingar om menn og om «kvifor dei slåss og kvifor dei likar å sjå på slåssing». Dette er ikkje første boka hans om dette. Tidlegare titlar varslar kor Professoren i buret kan bera hen: The Literary Animal: Evolution and the Nature of Narrative (2005), The Rape of Troy: Evolution, Violence and the World of Homer (2008), Literature, Science and a New Humanities (2008), Graphing Jane Austen: The Evolutionary Basis of Literary Meaning (2012), The Storytelling Animal: How Stories Make us Human (2012).

Anekdotisk

Ikkje tru at dette tyder på ei keisam akademisk bok. Litteraturvitaren skriv ikkje berre om forteljingar, men lagar òg forteljingar: Så dette er dokumentarforteljinga om ein universitetslærar, han sjølv, som bryt seg ut av eit bur (den eine tydinga av «buret» i tittelen), nemleg det noko anemiske og lettare femininiserte livet på eit litteraturinstitutt, for å kunne verta maskulint levande i eit anna bur, nemleg buret der MMA («Mixed Martial Arts»)-kampar går føre seg. Det er forteljinga om korleis han trenar i denne kampsporten, både for å vera sosialantropologisk deltakande observatør, og for å frigjera sine eigne brutale maskuline valdssider.

Dette vert difor ei personleg, anekdotisk forteljing om korleis forfattaren lærer seg å slåst på MMA-vis, om folk han treffer og ikkje treffer, særleg det siste, fram til ein første verkelege kamp, samstundes som desse erfaringane vert sette inn i ein større historisk og biologisk samanheng. I MMA kan ein bruka alle slag stilar: bryting, boksing, kickboksing og heile spekteret av asiatiske kampsportar. Sjølv er Gottschall ein «grapplar», ein som vil riva ned motstandaren for så å sitja på han og slå han i andletet. Undervegs i forteljinga er den reflekterte kontrasten mellom teoretisering og slåsting eit slåande poeng. Midt i ei brutal sparringsøkt, der det snarare er Gottschall som vert slått i andletet, tenkjer han: «Jeg har som levebrød å tenke smarte tanker. Jeg bør gi meg mens jeg fremdeles kan alfabetet.» Men så merkar han kor godt han likar blodsmak og kamp, og til og med korleis frykta han kjenner, er stimulerande. Kvifor?

Gjennom historia

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement