Film
Når pengane får styre
Pengar vert nytta anonymt til manipulasjon i stor stil i amerikansk politikk.
Politikarar og dommarar kan kjøpast for pengar.Politikarar og dommarar kan kjøpast for pengar.
Foto frå filmenFoto frå filmen
Dokumentar
Det finst ikkje berre svarte pengar, det finst også mørke pengar. Dei kan vere tente på lovleg vis, men blir nytta anonymt til politisk manipulasjon i stor stil.
Uavgrensa beløp
Ei avgjerd i USAs høgsterett frå 2010 opna for at selskap kan gi uavgrensa pengebidrag til politiske kandidatar og valkampar utan at allmenta får kunnskap om dette. Det må rett nok skje gjennom eit mellomledd, men slike kan alle lage. Valkommisjonar på føderalt nivå og delstatsnivå skal kontrollere at ting går rett for seg, men dei er små, underfinansierte og som myggar å rekne.
Selskapa kan likeins finansiere svære dritpakkar mot kandidatar som ikkje har dei rette meiningane, gjerne rett før eit val, slik at kandidaten ikkje har høve – kanskje heller ikkje økonomi – til å forsvare seg. Givarane som står bak, ventar – og får – takksemda dei er ute etter i form av politiske avgjerder som tener pengemakta, ikkje fellesskapen.
Motkrefter
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.