Teater

Når livet vender ryggen til

Med Bjørn Willberg Andersen bak gitaren kom Gitarmannen «heim» på Den Nationale Scene.

Bjørn Willberg Andersen spelar «gitarmannen» til Jon Fosse. Lars Lillo-Stenberg har skrive musikken til framsyninga i Bergen.
Publisert

Denne monologen, som knapt har vore spelt i Noreg før (berre i Tromsø i 2003, med musikk av Sverre Kjelsberg), men fleire stader i Europa og Amerika, skreiv Jon Fosse i 1994 på oppmoding frå skodespelaren Bjørn Willberg Andersen, som då kjende seg for ung til å framføre teksten.

Når han no har gått djupare inn i desse orda frå den seinare nobelprisvinnaren, gjer han det med alders tyngd og lang røynsle frå scenen. Og med kunstnarisk overtyding og innleving i Fosses noko forhutla skikkelse.

Mistrøystig liv

Gitarmannen er historia om ein mann frå sørlegare strok som kom til Bergen på grunn av ei kvinne, og som blei her på grunn av ein son. Men denne musikaren dreiv det ikkje til meir enn å spele og syngje i ein undergang, med eit avgrensa repertoar av songar andre har skrive. Han er for lengst kasta ut frå heimen, og no trur han sonen skjemmest over far sin.

Så står han der med gitaren, ser tilbake på og reflekterer over eit mistrøystig liv, dei ikkje alltid like kloke vala han har teke, og ei erkjenning av at han aldri blei den han hadde ønskt. På eit ope vis som vi for over 30 år sidan aldri før hadde opplevd i denne forfattarskapen, drøftar han det som ser ut til å vere eit ukomplisert forhold til Vårherre. Gjerne med ein personleg vri på kjende salmar og ord frå Bibelen. Og som alltid hos Fosse skjer dette med forståing og medkjensle for ein vond lagnad og heilt utan noka form for fordømming eller kritikk.

Ingen store fakter

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement