Bok
Når jorda er ei frukt
Erica Jong skriv biletrikt med stort språkregister i lyrikken.
Det internasjonale gjennombrotet til Erica Jong kom i 1973. Diktsamlinga som no er utgjeven på norsk, kom ut to år tidlegare.Det internasjonale gjennombrotet til Erica Jong kom i 1973. Diktsamlinga som no er utgjeven på norsk, kom ut to år tidlegare.
Foto: Mary Ann HalpinFoto: Mary Ann Halpin
Lyrikk
Kanskje er Erica Jong mest kjend som amerikansk romanforfattar, til dømes med bestseljaren Jeg tør ikke fly frå 1973. Men Jong debuterte som lyrikar og har utvikla ein større lyrisk forfattarskap. Og ei ny diktbok, The world began with yes, skal vere på veg no i mai. At ein forfattar driv vekselbruk mellom diktboka og romanen, er i seg sjølv eit interessant fenomen. Hos Jong verkar til dømes ikkje feminismetematikken å endre seg grunnleggjande om ho skriv dikt eller roman.
Seksualitet og erotikk
Poesiboka Frukt og grønnsaker frå 1971, med ein tittel som osar av ernæring og jordbruk, handlar om kvinneleg, men også mannleg seksualitet og erotikk. I tillegg syner dikta kor gjennomsyra det amerikanske dagleglivet var – og er – av uoppnåelege ideal og stereotypiar leverte av reklamen, som paradoksalt nok fjernar kvinna frå kroppen: «Renset & peelet & forseglet/ til fingerspissene,/ ute av stand til å berøre/ eller lukte seg selv». Slik blir kvinna under den emblematiske hårtørkaren send ut som «den første kvinnelige amerikanske astronaut» eller ei Beatrice i Dantes sterilt-geometriske helvetesringar.
Dikta til Jong legg seg langt bort frå det sterile og livsfjerne. Dei er eruptive og biletrike og gjer store, raske og tidvis obskøne rørsler. Språkregisteret er stort, og referansane frå reklame, populærkultur og litterære klassikarar, som Kafka og Joyce, sit laust. Jong kokar metaforar, skildrar kannibalisme og serverer diktet: «Spis dette diktet!»
Syndefallet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.