Når illusjonane drep
En handelsreisendes død er stadig like aktuelt, om korleis blind dyrking av urealistiske ideal fører til ulukke.
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.
Foto: Den Nationale Scene
Det er 15 år sidan sist Den Nationale Scene sette opp denne over sytti år gamle amerikanske klassikaren. I ny omsetjing av Bjørn Alex Herrman syner stykket seg stadig like slitesterkt, sjølv om mange av dei kulturelle referansane høyrer ei anna tid til – og sjølv om denne oppsetjinga ikkje er heilt på nivå med 2008-utgåva. Men kapitalismen lever framleis, det same gjer den amerikanske draumen. Og båe er like problematiske.
Dette er historia om den vesle mannen, Willy Loman (Jon Ketil Johnsen), som eit ørlite hjul i kapitalismens enorme maskineri. Mannen som er så fanga i draumen om suksess = mykje pengar og å vere godt likt, at han i stadig større grad vev livet sitt inn i illusjonar og ikkje ser kva for ein fiasko han er.
Også som far for dei to sønene Biff (Jonatan Filip) og Happy (Kristian Berg Jåtten), som han blindt har fôra med desse øydeleggjande ideala. Og med mor Linda (Kjersti Elvik), som både ser og ikkje vil sjå, men ukritisk forgudar mannen sin. Berre Biff, som tidleg opplever eit svik og illusjonsbrot, er klar til å møte røyndommen. Men kanskje er det for seint for 34-åringen.
Ei livsløgn
Steg for steg tvingar røyndommen seg på dei, i form av ei verd dei ikkje kjenner eller vil kjenne, sjølv om det tek tid for pater familias, og yngstesonen aldri når dit. Willy og gutane har bygd livet på ei livsløgn, til liks med Hjalmar Ekdal hos Ibsen, som Miller beundra sterkt. Det er nettopp tapet av livsløgna som fører til farens sjølvmord. Då blir det berre bittert ironisk at siste avdraget på huslånet er betalt og gir ekteparet ein ny «fridom» – symbolsk nok den dagen familiefaren blir boren til grava.
En handelsreisendes død er ei sterk blanding av patos og satire. Willy Loman har ikkje fallhøgd til å vere ein tragisk helt. Han manglar sjølvinnsikt, alt han har å miste, er illusjonane sine. Han kan påkalle medynk, men ikkje stort meir. Det får Jon Ketil Johnsen nyansert fram i tolkinga si.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.