JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Når illusjonane drep

En handelsreisendes død er stadig like aktuelt, om korleis blind dyrking av urealistiske ideal fører til ulukke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.

Foto: Den Nationale Scene

3794
20230526
3794
20230526

Den Nationale Scene, Teaterkjelleren

Arthur Miller:

En handelsreisendes død

Omsett av: Bjørn Alex Herrman
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi: Åse Hegrenes

Det er 15 år sidan sist Den Nationale Scene sette opp denne over sytti år gamle amerikanske klassikaren. I ny omsetjing av Bjørn Alex Herrman syner stykket seg stadig like slitesterkt, sjølv om mange av dei kulturelle referansane høyrer ei anna tid til – og sjølv om denne oppsetjinga ikkje er heilt på nivå med 2008-utgåva. Men kapitalismen lever framleis, det same gjer den amerikanske draumen. Og båe er like problematiske.

Dette er historia om den vesle mannen, Willy Loman (Jon Ketil Johnsen), som eit ørlite hjul i kapitalismens enorme maskineri. Mannen som er så fanga i draumen om suksess = mykje pengar og å vere godt likt, at han i stadig større grad vev livet sitt inn i illusjonar og ikkje ser kva for ein fiasko han er.

Også som far for dei to sønene Biff (Jonatan Filip) og Happy (Kristian Berg Jåtten), som han blindt har fôra med desse øydeleggjande ideala. Og med mor Linda (Kjersti Elvik), som både ser og ikkje vil sjå, men ukritisk forgudar mannen sin. Berre Biff, som tidleg opplever eit svik og illusjonsbrot, er klar til å møte røyndommen. Men kanskje er det for seint for 34-åringen.

Ei livsløgn

Steg for steg tvingar røyndommen seg på dei, i form av ei verd dei ikkje kjenner eller vil kjenne, sjølv om det tek tid for pater familias, og yngstesonen aldri når dit. Willy og gutane har bygd livet på ei livsløgn, til liks med Hjalmar Ekdal hos Ibsen, som Miller beundra sterkt. Det er nettopp tapet av livsløgna som fører til farens sjølvmord. Då blir det berre bittert ironisk at siste avdraget på huslånet er betalt og gir ekteparet ein ny «fridom» – symbolsk nok den dagen familiefaren blir boren til grava.

En handelsreisendes død er ei sterk blanding av patos og satire. Willy Loman har ikkje fallhøgd til å vere ein tragisk helt. Han manglar sjølvinnsikt, alt han har å miste, er illusjonane sine. Han kan påkalle medynk, men ikkje stort meir. Det får Jon Ketil Johnsen nyansert fram i tolkinga si.

Mykje går tilsynelatande føre seg inne i hovudet på Willy Loman, originaltittelen på stykket var «The Inside of His Head». Sjølv om dramaet kan sjå ut som realisme i enkelt kvardagsspråk, har det likevel eit draumpreg, der skikkelsar og scenar overlappar kvarandre som i filmmontasje. Det er effektivt og godt teke vare på i Terje Skonseng Naudeers regi.

Tek seg opp

Men framsyninga er blitt for lang, tre timar med ein pause. I første delen burde meir vore stroke. Eg har mistanke om at det ikkje er gjort fordi den delen då ville blitt svært kort i høve til resten. Men prisen er at det tek lang tid før spelet får den intensiteten det skal ha. Gradvis tek det seg opp, og konfrontasjonane – men også dei unnvikande samtalene – på den nakne, ideologisk (?) mørkeblå scenen driv handlinga nådelaust framover. Då kan vi oppleve scenar som verkeleg bit seg fast i oss, scenar som tydeleg får fram kva som står på spel, og kor uendeleg stor avstanden er mellom draum og røyndom.

Jonatan Filip gjer Biff til den vellukka sportshelten som desperat må innsjå at det han har bygd livet sitt på, eigentleg har null verdi, og som ikkje lenger ser ei framtid for seg. Ein fin prestasjon. Kristian Berg Jåtten teiknar Happy som den mest utarma av dei alle. Han er heilt utan sjølvinnsikt, men skjønar det ikkje sjølv og vil berre glatte over. I Kjersti Elvik har Linda fått ei truverdig og sterk utforming, ho vil det beste for seg og sine og maktar ikkje ta innover seg kva for veg det ber.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis