Bok
Når hjernen fell ut, og inn
Nikolaj Frobenius tar oss med på ei oppriktig reise gjennom botnfallet.
Nikolaj Frobenius har skrive romanar som er omsette til over 20 språk. Han har òg skrive filmmanus og TV-seriar med internasjonal distribusjon.
Foto: Dag Knudsen
«Å skrive en roman er jo en forferdelig opplevelse. Håret blir grått. Tenna faller ut. Og når boka endelig er utgitt, er det ingen som bryr seg.» Dette er eit sitat frå Nikolaj Frobenius’ siste roman En uventa dragning mot jungelen.
Det er mogleg at det er fælt å skrive ein roman, men nokon bryr seg. Eg, for eksempel, finn dette dykket ned i ein pøl av rusavhengnad og sjølvforakt ganske oppløftande. Og nedmuntrande, for all del.
Risikospråk
Vi blir med inn i hovudet på ein namnlaus forfattar som har ei rekke rusmiddel han ikkje klarer styre unna, og som styrer livet hans. Kona er lei, han er sjølv lei av seg og sin mangel på sjølvkontroll, og mange er episodane som fortel om kor langt ned det går an å komme. Fysisk, mentalt, sosialt.
Han ser etter noko som kan få han på sporet av eit betre liv. Rusterapi har ikkje særleg effekt, ketaminbehandling blir undersøkt, men til sist reiser han til Peru for å prøve det legendariske, narkotiske naturstoffet ayahuasca i ordna former.
Her opnar det seg ei ny verd for han, rettare sagt to: Den eine refleksjonen dreier seg om å «gjennomskode» heile opplegget, den andre om at det faktisk finst slør i ein som kan trekkast til sides. Kva kjem til syne då?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.