Når gruppepresset blir for stort
DNA er ein velspelt tragisk komedie om eit dystert tema.
Ungdomsteateret spelar ein tragisk komedie der gruppepress, sosiale nettverk og haldningar som ungdommane har, vert strekte.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Rogaland Teater har i mange år drive aktiv teaterarbeid for og med born og unge, og det gir gode resultat. Det dei elleve ungdommane på 14 år og der omkring får ut av dette ganske krevjande stykket, er imponerande.
Adam (Nikolai Hult) blir mobba av ei gruppe medelevar til det tilsynelatande endar med døden. Den intelligente, men totalt uempatiske Henrik (Håvard Sømme) klekkjer ut ein plan som skal kaste skulda for det som i røynda kan sjå ut som eit drap, over på andre.
Men historia har ikkje berre éin, men fleire vriar, for det viser seg snart at ungdommane har gjort jobben for godt. Kva då? Så endrar også sjølve brotsverket karakter mot slutten, noko som stiller ungdommane overfor eit nytt dilemma.
Det kan nok innvendast at ikkje alt i intrigen er like truverdig, men Kelly nyttar han til å stille sentrale spørsmål og vise kor langt menneske – ikkje berre unge – kan gå når gruppepresset og den kollektive dynamikken tek over. Også når nokon ser framtida si truga av konsekvensane av eigne handlingar, og kor øydeleggjande det kan vere.
Terje Strømdahl har laga ei framifrå framsyning med kjappe sceneskift og godt driv. Ensemblespelet fungerer godt, og fleire medverkande handterer lange replikkar og dialogar godt. Især utmerker Feline Fredrikke Poulsson seg som den småfilosofiske og pratsame Lea.
Terje Strømdahl har laga ei framifrå framsyning med kjappe sceneskift og godt driv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.