Bok
Når fødselen lyser opp verda
Morten Wintervolds dikt vekslar mellom det barske og ømme.
Morten Wintervold er universitetslektor ved Forfatterstudiet ved Universitetet i Tromsø og har gjeve ut fleire diktsamlingar.
Foto: Ingun A. Mæhlum / Cappelen Damm
I fjor haust rykte ein litteraturkritikar i Dagbladet ut og åtvara om barselbølgja som heldt på så skylje inn over samtidslitteraturen. Morten Wintervolds dikt i Byen, byen, babyen har ein tydeleg fødselshorisont, her handlar det om fødsel, foreldreskap, barn og byen. Dikta traskar altså ikkje berre rundt i det aller næraste, i barselbobla.
I dikta gjer utanverda seg sterkt gjeldande, og verda veks i fleire retningar, utover til snøskavlane, brøytebilane, til dei «glir over et kuskjell». Kuskjelet er elles ein organisme som kan verte hauggamal, opp til fire–fem hundre år. Det nyfødde livet fornyar altså verda, men gjer oss også merksam på at ho er gamal og sårbar. Under gleda over den nyfødde murrar uroa, trugsmålet om øydelegginga av verda. Både klimakrisa og farfarens død er signal som varslar om alle tingas ibuande veikskap.
Vekslande tone
No treng ein ikkje alltid stire seg blind på temaet, for fyrst og fremst dreier det seg om å skrive godt. Og det gjer Wintervold, som både skaper tankevekkande bilete og store spenn, der dikta utvunge panorerer frå ei brystpumpe til den trekkfuglen som reiser lengst av alle, raudnebbterna. Poeten kan også trykke til og uttrykkje seg direkte: «Virkeligheta/ er ikke mer banal enn at alternativet er lik null.»
Til liks med at dikta held saman fleire perspektiv, vekslar tonen i dei. Nokre liner tøffar seg og utladar dei store kjenslene, medan andre rører seg i det nære, ømme registeret. Det verkar til dømes som ei klar devaluering når poeten jamfører fødselen med andre hendingar: «fødselen sammenfaller med et utbedringsarbeid i gata/ og farfars dødsleie.»
Fleire perspektiv
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.