Teater
Når enkeltmennesket møter krigen
Teaterstykket Skammen er sterkt og dramatisk om det som bur i oss når døden trugar.
Jonas F. Urstad, Kristian Berg Jåtten og Katrine Dale i stykket som blir spelt på Christinegaard Hovedgaard i Sandviken i Bergen.
Foto: Sebastian Dalseide
Medan den skandaløse kranglinga held fram i Oslo om kva som skal skje med Nationaltheatret frå 1899, er arbeidet med å rehabilitere den praktfulle, ti år yngre teaterbygningen til Den Nationale Scene i Bergen i full gang. Fram til byrjinga av 2027 må Den Nationale Scene finne seg andre lokale for oppsetjingane sine.
Så langt har resultatet vore strålande; Bergen Kjøtt var perfekt for Antigone, og den 330 år gamle, freda Christinegaard Hovedgaard i Sandviken syner seg uvanleg veleigna for Skammen – eit stykke som er minst like aktuelt i dag som då Ingmar Bergman laga filmen i 1968 og amerikanarane freista leggje Vietnam flatt.
Borgarkrig
Filmen, og den noko endra og moderniserte teaterversjonen, handlar om borgarkrig i eit ikkje namngitt land. Men viktigare enn krigshandlingane er kva krigen gjer med enkeltmenneske som får han tett innpå seg, og som brått, med kniven på strupen, må ta stilling til heilt livsavgjerande trugsmål. Kor mykje er moralsk høgverdige tankar og fråsegner då verde?
Dette er utfordringa det politisk umedvitne popmusikarparet Eva (Katrine Dale, i filmen prislønte Liv Ullmann) og Jan (Kristian Berg Jåtten, i filmen Max von Sydow) må ta stilling til når krigen bankar på døra i den fredelege øyoasen dei har søkt tilflukt i for å sleppe unna djevelskapen. Han er sjølvoppteken, engsteleg, feig og har lurt seg unna militærtenesta. Helst vil han òg sleppe ansvar for born, som Eva så inderleg ønskjer seg. Ho er meir jordnær og realistisk, i stor grad fri for eskapismen og dei romantisk tilbakeskodande draumane han ber på.
Så kjem krigen. Først ved at ei gruppe opprørarar dukkar opp og trugar dei to til ei lite heltemodig handling. I neste omgang kjem dei som forsvarar det beståande, og som også tvingar Jan og Eva til å syne kva som bur i dei – eller ikkje bur der. Parallelt utviklar forholdet mellom dei to seg frå vondt til verre. Handlinga blir ytterlegare tilspissa ved at den manipulerande familievennen Jacobi (Jon Ketil Johnsen) dukkar opp og grip inn i både krig og familieliv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.